[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Varemerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Varemerke er ei nemning på eit kjennemerke som vert nytta av eit firma for å gjera firmaet, produkt og tenester kjend for kundar. Eit mål med eit varemerke er å gje eit særleg merke på produkt eller tenester, slik at dei vert skild frå tilsvarande frå konkurrentar. Eit varemerke er rekna som intellektuell og industriell eigedom.

Et varemerke kan vera eit namn, ord, slagord, logo, symbol, bladbunad, bilete eller ein kombinasjon av eitt eller fleire av desse elementa.

Varemerke kan registrerast hjå Patentstyret, eller tilsvarande organ. Om eit varemerke vert registrert i høve til patentlovgjeving vil varemerket vera verna slik at andre ikkje kan nytta det, som eit registrert varemerke.