Vanessa Hudgens
Vanessa Hudgens | |||
| |||
Fødd | 14. desember 1988 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Salinas i California i USA | ||
Fødenamn | Vanessa Anne Hudgens | ||
Aktive år | 1998– | ||
Verka som | skodespelar, songar, modell, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar | ||
Ektefelle | Cole Tucker | ||
Sambuar | Austin Butler, Zac Efron | ||
Born | Hudgens/Tucker child | ||
Kjende roller | Gabriella Montez i High School Musical |
Vanessa Anne Hudgens (fødd 14. desember 1988) er ein amerikansk songar og skodespelar. Ho debuterte i 2003 og var med i Hollywood-filmane Thirteen og Thunderbirds før ho vart kjend i 2006 i Disney Channel-filmen High School Musical. Hudgens byrja som songar, og lanserte debutalbumet V, i 2006. I 2007 vart ho modell for Neutrogena.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Vanessa Anne Hudgens vart fødd 14. desember 1988 i Salinas i California. Ho har ei yngre syster, Stella Teodora Hudgens, som også er skodespelar. Foreldra heiter Greg Hudgens og Gina Guangco Hudgens. Vanessa Hudgens har sagt om anane sine: «Eg er mest filippinsk og amerikansk, men eg er også spansk, kinesisk og irsk». Den profesjonelle karrieren hennar starta då ho var åtte år, og sidan har Hudgens vore med i fleire produksjonar som Carousel, The Wizard of Oz, The King and I, The Music Man og Cinderella. Etter å ha fått ein plass i ein reklameproduksjon flytta ho og familien til Los Angeles. Ho er gode venner med andre kjendisar som Miley Cyrus, Alexa Nikolas og bestevennen Ashley Tisdale. Ho var tidlegare forlova med motspelar Zac Efron.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2022) |