[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Vampyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«The Vampire» (1897) av Philip Burne-Jones

Vampyrar er mytiske skapnader kjende for å suge blod av menneske. Dei stammar frå aust-europeisk folketru, men har gått inn i moderne litteratur og populærkultur der dei har utvikla seg vidare.

Originalt høyrer dei til i folkeminneBalkan og i Romania, der det vart fortald om kvilelause daudingar som drakk blodet av levande. Dette gjorde dei oftast ved å gå til åtak på dei og drikke rett av hjarta. Vampyrane vert rekna til dei vandaude, og kan òg omtalast som blodsugar-draugar (Ola Raknes).

1800-talet vart vampyrane nytta i litteraturen, og vart særskild skildra av Bram Stoker i romanen om Dracula. Stoker skapte ein ny forestilling om vampyrane, som kopla dei saman med driftene i borgarskapet. Desse vampyrane drakk av halspulsåra, og slik vert dei mest framstilt i dag.

Vampyrane er sidan vortne populære i ei rekkje filmar og TV-seriar, frå Nosferatu til Buffy the Vampire Slayer. Dei er òg nytta i forfattarskapet til Anne Rice.