[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Vossasongen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg veit ei bygd med lange, leine lider,
som fell frå fagre fjell i dalen ned.
Der blømar hegg, der grønkar bjørk og vier,
og gran og furu vigslar alt med fred.
Og gjennom lidi lette grøver går
med song og sull, helst um haust og vår,
i lange stryk med byks og kåte foss:
Du vene Voss, du vene Voss!

Første verset av Vossasongen.

«Vossasongen» er ein bygdelagssong som er tileigna Vosselaget. Teksten er skriven av Lars Eskeland og melodien av Torgeir Raugstad.

Spire Denne litteraturartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.