[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Volof-folk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Youssou N'Dour frå Senegal er ein kjend volof-songar.

Volof (også skrive wolof) er eit folk i Senegal, Gambia og Mauritania. Språket deira er volof.

Tradisjonelle buområde for volof-folk i Vest-Afrika.
Volof-kvinne med barn fotograpert i 1902.

I Senegal er volofane den største folkegruppa ved at rundt 40 % av folkesetnaden identifiserer seg som volof. Dei er fleirtalet i området som strekkjer seg frå Saint-Louis i nord, Kaolack i sør og Dakar i vest. Derimot er det få volofar i Casamance. I Gambia er rundt 15 % av folkesetnaden volof. Dei utgjer ein minoritet i eit land der mandinkaene utgjer 40 % av innbyggjarane, men volofspråk og -kultur har uforholdsmessig stor tyding sidan volofane utgjer halvparten av folkesetnaden i hovudstaden Banjul. I Mauritania er omkring 7 % av folkesetnaden volof. Dei bur for det meste i dei sørlege kystområda til landet.

Kjende volofar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Mamadou Cissé, Dictionnaire Français-Wolof, L’Asiathèque, Paris, 2004,ISBN 2-911053-43-5
  • Mamadou Cissé, Contes wolof modernes, L’Harmattan, Paris, 1994, ISBN 2-7384-3016-3
  • Michel Malherbe, Cheikh Sall: Parlons Wolof - Langue et culture. L'Harmattan, Paris, France 1989, ISBN 2-7384-0383-2.
  • Gabriele Aïscha Bichler: Bejo, Curay und Bin-bim? Die Sprache und Kultur der Wolof im Senegal (mit angeschlossenem Lehrbuch Wolof). Europäische Hochschulschriften Band 90. Peter Lang Verlagsgruppe, Frankfurt am Main, Germany 2003, ISBN 3-631-39815-8.
  • Arame Fal, Rosine Santos, Jean Léonce Doneux: Dictionnaire wolof-français (suivi d'un index français-wolof). Karthala, Paris, France 1990, ISBN 2-86537-233-2.
  • Rolf Goetz: Senegal - Gambia: Praktischer Reiseführer an die Westküste Afrikas. Verlag Peter Meyer Reiseführer, Frankfurt am Main, Germany 1996, ISBN 3-922057-09-8.