Uranusmånen Desdemona
Oppdagingsbiletet til Desdemona | |
Oppdaging[1] | |
---|---|
Oppdaga av | det vitskaplege laget til Voyager 2 |
Oppdagingsdato | 13. januar 1986 |
Baneskildring[2] | |
62 700 km | |
Eksentrisitet | 0,0001 |
0,474 dagar | |
Banehelling | 0,113° |
Satellitt av | Uranus |
Fysiske eigenskapar | |
Snittdiameter | 64,0 ± 8 km[2] |
12 867,96 km²[2] | |
Masse | 1,78341 × 1017 kg[2] |
1,3 g/cm³[2] | |
0,012 m/s²[2] | |
Albedo | 0,07 (synleg geometrisk)[3] |
Desdemona er ein av månane til planeten Uranus. Han vart oppdaga på bilete tekne av Voyager 2 den 13. januar 1986. Desdemona er kalla opp etter kona til Othello i William Shakespeare-skodespelet Othello. Han har òg nemninga Uranus X.[4]
Desdemona høyrer til Portia-gruppa av månar rundt Uranus, i lag med Bianca, Cressida, Juliet, Portia, Rosalind, Cupid, Belinda og Perdita.[5] Desse satellittane har likande krinslaup og fotometriske eigenskapar.[5] Månen har ein radius på 32 km[6] og ein geometrisk albedo på 0,08[5], men utover det veit ein særs lite om Desdemona.
På bileta frå Voyager 2 verkar Desdemona avlang, der storeaksen peikar mot Uranus. Overflata er grå..[6]
Desdemona kan kome til å støyte saman med ein av nabomånane Cressida eller Juliet i løpet av dei neste 100 millionar åra.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Desdemona: Facts & Figures Arkivert 2015-07-17 ved Wayback Machine. - NASA Solar System Exploration
- ↑ Uranian Satellite Fact Sheet - NSSDC
- ↑ «Planet and Satellite Names and Discoverers». Gazetteer of Planetary Nomenclature. USGS Astrogeology. July 21, 2006. Henta 6. august 2006.[daud lenkje]
- ↑ 5,0 5,1 5,2
doi:10.1006/icar.2001.6596 10.1006/icar.2001.6596
- ↑ 6,0 6,1
doi:10.1006/icar.2001.6597 10.1006/icar.2001.6597
- ↑
doi:10.1006/icar.1996.5568 10.1006/icar.1996.5568