[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ura Vajgurore

Koordinatar: 40°46′22″N 19°52′29″E / 40.77278°N 19.87472°E / 40.77278; 19.87472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ura Vajgurore
Frå sentrum av Ura Vajgurore
Frå sentrum av Ura Vajgurore
Frå sentrum av Ura Vajgurore
Byvåpenet til Ura Vajgurore
Byvåpenet til Ura Vajgurore
Styresmakter
Land
Region
Albania
Berat
Geografi
Flatevidd 156,56 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

27 295[1]
Koordinatar 40°46′22″N 19°52′29″E / 40.77278°N 19.87472°E / 40.77278; 19.87472
Høgd over havet 40, 33 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: http://uravajgurore.gov.al/

Ura Vajgurore er ein by og ein kommune i regionen Berat i Albania. Kommunen ligg sentralt i den sørlege delen av landet og grensar i nord til regionen Elbasan, i vest til regionen Fier.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Ura Vajgurore vart slått saman med landkommunane Poshnjë, Kutalli og Cukalat.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Ura Vajgurore.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Ura Vajgurore 7 232 innbyggjarar, medan dei fire kommunane som i dag utgjer storkommunen Ura Vajgurore, til saman hadde 27 295 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Ura Vajgurore ein del av distriktet Berat.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Ura Vajgurore og busetnadene:[2]

  • Bistrovicë
  • Konisbaltë
  • Pashalli
  • Vokopolë
  • Skrevan

Referansar

[endre | endre wikiteksten]