[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Unge lovende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unge lovende
Typefjernsynsserie
OriginaltittelUnge lovende
SjangerHumordrama
OpphavslandNoreg
Sesongar2
Episodar24
SpråkNorsk og svensk
SkaparSiri Seljeseth
ProdusentMonster Scripted
Periode6. november 2015–
KanalNRK

Unge lovende er ein norsk dramaserie som vert send på NRK. Dramaserien handlar om liva til tre ambiøse venninner i 20-åra i Oslo som prøver å følgja draumane sine. Siri Seljeseth står bak serien, og fungerer både som skodespelar og manusforfattar. Hovudrollene er spelt av Seljeseth, Gine Cornelia Pedersen og Alexandra Gjerpen. Serien er produsert av Monster Scripted. Den fyrste episoden vart vist 12. november 2015, men heile serien hadde allereie lege publisert på NRK Nett-TV sidan 6. november 2015.[1] Sjølv om serien også vart kringkasta på fjernsyn, såg mange serien på NRK Nett-TV.[2]

Dramaserien gjorde stor suksess: Den fyrste sesongen sat ny rekord som den mest sette NRK-dramaserien på nett.[3][4] Serien fekk òg mykje bra kritikk frå både anmeldarar og på sosiale medium.[5]

Siri Seljeseth, som speler éi av hovudrollene, står bak ideen til Unge lovende. Serien er laust basert på erfaringane hennar som freelance stand-up-komikar i USA. Inspirasjonen til serien dukka opp etter ei spesiell hending då ho skulle reisa tilbake til USA. Ho vart stoppa av grensekontrollørar i Minneapolis som var særs skeptiske, som resulterte i at ho ikkje fekk visum, men fekk besøka landet likevel med beskjed om å reisa heim så fort som mogleg. Unge lovende er basert på ideen om kva som ville skjedd dersom ho ikkje fekk koma inn i USA.[6][7] I fyrste episode skjer nettopp dette: Hovudpersonen Elise får ikkje visum til å dra til USA, og ser seg dimed nøydd til å halda seg heime i Oslo.[1]

Serieskapar Silje Seljeseth.

Handlinga er sentrert rundt dei unge kvinnene Elise, Alex og Nenne. Elise får ikkje fornya visumet sitt til USA, og må derfor bli værende i hovedstaden en periode. Hjemme treffer hun på Anders, og flere ting fører til ett komplisert forhold de to i mellom. Alex søker seg inn på Teaterhøgskulen og slit med selvtilitten til siste opptaksprøve. Nenne forsøker å gi ut sin egen bok, men må gjøre flere utradisjonelle trekk for å få til drømmen om bokutgivelse.

Unge Lovende mottok sju nominasjonar til Gullruten 2016, og vann prisen for «Beste manus TV-drama».

Rolleliste

[endre | endre wikiteksten]
Episode Regi Manus Sendingsdato
1 Eirik Svensson Siri Seljeseth,
Mads Løken,
Birgitte Rustad Wegener
14. november 2015
2 Eirik Svensson Siri Seljeseth,
Mads Løken,
Birgitte Rustad Wegener
21. november 2015
3 Bård Fjulsrud Siri Seljeseth,
Mads Løken,
Birgitte Rustad Wegener
28. november 2015
4 Bård Fjulsrud Siri Seljeseth,
Mads Løken,
Birgitte Rustad Wegener
5. desember 2015
5 Eirik Svensson Siri Seljeseth,
Mads Løken,
Birgitte Rustad Wegener
12. desember 2015
6 Eirik Svensson Siri Seljeseth,
Mads Løken,
Birgitte Rustad Wegener
19. desember 2015
Sesong Sesongpremiere Sesongfinale Sjåartal
1 14. november 2015 19. desember 2015 336 000[3]
2 Ikkje annonsert Ikkje annonsert
  1. 1,0 1,1 ««Unge lovende. Episode 1:6»». NRK. 2015. Henta 4. september 2015. 
  2. Hellum, Camilla (24. november 2015), «Få unge lovende ser «Unge lovende» på tv», Kampanje.com, henta 19. januar 2017 
  3. 3,0 3,1 «Denne serien slo tidligere NRK-rekorder». Dagbladet.no. Henta 22. september 2016. 
  4. Pettersen, Jørn (26. desember 2015), «Ny NRK-rekord på nett», VG, henta 21. januar 2017 
  5. Braseth, Sofie; Karlsen, Stina Gregersen (14. november 2015), «NRKs nye serie hylles av anmeldere og kjendis-Norge», Dagbladet, henta 10. januar 2017 
  6. Vasstveit, Ivar (15. april 2015), «Siri er ulovlig i USA», BYAS, arkivert frå originalen 23. september 2016, henta 10. januar 2017 
  7. «Intervju med Alexandra Gjerpen og Siri Seljeseth», Sølvberget, Stavanger kulturhus, 28. september 2016, henta 22. januar 2017 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]