[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Un premier amour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Un premier amour»
Song av Isabelle Aubret

Land Frankrike
Språk Fransk
Utgjeve 1962
Sjanger Chanson, ballade
Lengd 02:30
Selskap Philips[1]
Komponist Claude-Henri Vic
Låtskrivar(ar) Claude Henri Vic og Roland Valande

«Un premier amour» (norsk omsetjing ‘ein fyrste kjærleik’) er ein song som vann Eurovision Song Contest 1962 for Frankrike.[2] Han blei sungen av Isabelle Aubret og er komponert av Claude Henri Vic, medan Roland Valande har skrive teksten. Songen er i chansonstil, ein sjanger som dominerte dei fyrste åra av Eurovision Song Contest, men dette blei den siste gongen på mange år at ein klassisk, franskspråkleg chanson vann Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

«Un premier amour» og Aubret blei valde internt av den franske kringkasteren RTF til å representerte landet i Eurovision Song Contest i Luxembourg by 18. mars 1962. «Un premier amour» var det niande bidraget ut på scena av seksten bidrag – rett før Noreg og Inger Jacobsen med «Kom sol, kom regn».

I avrøystinga tok Frankrike raskt leiinga, og «Un premier amour» vann til slutt ein soleklar siger med 26 poeng – dobbelt så mange poeng som andreplassen. Den norske jurygruppa hadde også songen som sin favoritt.[3]

Dette var tredje gongen Frankrike vann Eurovision Song Contest, og det var tredje år på rad at ein franskspråkleg melodi vann konkurransen. Den franske dominansen dette året var overveldande, for også andre- og tredjeplassen var franskspråklege ballader. Men 1962 sette den franske dominansen på pause, og fyrst i 1969 skulle ein klassisk fransk chanson vinne igjen. Isabelle Aubret kom for øvrig tilbake i konkurransen i 1968, då ho song Frankrike inn til ein tredjeplass med «La source».

I likskap med vinnaren året før, blei ikkje «Un premier amour» nokon stor salssuksess i Europa. Songen kom berre inn på den franske og den vallonske singellista. I Frankrike nådde han ein 14. plass som høgaste notering, og i Vallonia ein 16. plass.[4][5]

I teksten minnast songaren sin fyrste kjærleik, den kjærleiken som du aldri gløymer, og som du prøver å få oppleve igjen. Songaren lurar også på kva som har skjedd med hennar fyrste kjærast etter at dei gjekk frå kvarandre.[6]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1962) Høgaste
plassering
Flagget til Belgia Belgia, Vallonia (Ultratop)[7] 16
Flagget til Frankrike Frankrike (IFOP)[8] 14
  1. «Isabelle Aubret ‎– Un premier amour». Discogs. Henta 5. februar 2017. 
  2. «Eurovision Song Contest 1962». eurovision.tv. Henta 5. februar 2017. 
  3. «Eurovision Song Contest 1962 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 5. februar 2017. 
  4. «Tout les Titres par Artiste – A» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 13. mars 2013. Henta 5. februar 2017.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 15. juli 2015. Henta 5. februar 2017.  Velg Isabelle PASCAL fra rullemenyen og trykk OK.
  5. «Isabelle Aubret – Un premier amour». ultratop.be. Henta 5. februar 2017. 
  6. «Un premier amour – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 5. februar 2017. 
  7. «"Un premier amour" på belgisk liste». ultratop.be. Henta 14. februar 2018. 
  8. Lesueur, InfoDisc, Daniel Lesueur, Dominic Durand,. «InfoDisc : Les Chansons (velg bokstaven A og søk Aubret i nedtrekksmenyen». www.infodisc.fr (på fransk). Henta 15. februar 2018.