Tuzsjøen
Tuzsjøen | |||
innsjø | |||
Utsyn frå verdsrommet (April 1994)
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Sentral-Anatolia | ||
Tilsig | Peçenek Çayı, Melendiz Çayı | ||
Utløp | ingen | ||
Nedslagsfelt | 11 900 km² | ||
By | Şereflikoçhisar | ||
Koordinatar | 38°50′N 33°20′E / 38.833°N 33.333°E | ||
Lengd | 80 km | ||
Høgd | 905 m | ||
Areal | 1 600 km² | ||
Innsjøtype | endorheisk, hypersaltsjø | ||
Tuzsjøen 38°50′00″N 33°20′00″E / 38.833333333333°N 33.333333333333°E | |||
Kart som viser Tuzsjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Tuz |
Tuzsjøen (tyrkisk Tuz Gölü, tyder «saltsjøen») er den nest største innsjøen i Tyrkia med eit areal på 1 665 km² og ein av dei største hypersalte innsjøane i verda.[1] Han ligg i regionen Sentral-Anatolia, 105 km nordaust for Konya, 150 km sør-søraust for Ankara og 57 km nordvest for Aksaray.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Innsjøen ligg i eit tektonisk søkk på det sentrale platået i Tyrkia og får vasstilførsel frå to større elvar, grunnvatn og avrenningsvatn, men har ikkje eit eige utløp. Brakkvassmyrer har oppstått der kanalar og elvar renn ut i innsjøen. Ein finn åkerland kring innsjøen, utanom i sør og sørvest der ein finn vidstrekte saltstepper, som til somme tider av året vert underlagt vatn.
Det meste av året er innsjøen særs grunn, kring 0,4 meter i snitt. Om vinteren løyser saltet seg opp i ferskvatn som vert tilført innsjøen via nedbør eller avrenning (32,9% salinitet). Om sommaren tørar innsjøen inn og etter let seg eit 30 cm tjukt saltlag i august. På denne tida av året vert det henta ut salt frå innsjøen. Tre gruver oprerer ved innsjøen og desse produserer kring 60 % av alt saltet som vert konsumert i Tyrkia.
I 2001 vart Tuzsjøen erklært eit verneområde, inkludert heile vassoverflata og dei omliggande breiddene og somme viktige steppeområde. Ein finn den største hekkande kolonien i Tyrkia av storflamingoen ved innsjøen. Andre fuglar som hekkar her er tundragås og raudfalk.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Tuzsjøen ved solnedgang.
-
Tuzsjøen
-
I den tørre årstida vert saltsjøen omforma til saltsletter eller playa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Tuz» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mustafa Yildiz, Ali Sinan Soganci (2010). «Evaluation of geotechnical properties of the salt layers on the Lake Tuz» (PDF). Academic Journals. s. 2656–2663. ISSN 1992-2248.