Tsjikoj
Utsjånad
Tsjikoj | |||
elv | |||
Land | Russland, Mongolia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 46 200 km² | ||
Lengd | 769 km | ||
Middelvassføring | 263 m³/s | ||
Munning | Selenga | ||
Tsjikoj 50°01′40″N 107°08′47″E / 50.027777777778°N 107.14638888889°E | |||
Wikimedia Commons: Chikoy River |
Tsjikoj (russisk Чикой) er ei elv i Russland og ei av sideelvane til Selenga frå høgre. Ho er 769 km lang med eit nedslagsfelt på 46 200 km² og ei middelvassføring på 263 m³/s.
Elva spring ut frå fjellet Tsjikonskogo og renn langs sørsida av Malkhanskogoryggen på grensa mellom Zabajkalskij kraj og Burjatia og delvis langs grensa til Mongolia.
Elva frys vanlegvis til seint i oktober eller tidleg i november og er islagd til april eller tidleg i mai. Tsjikoj er framkommeleg for skipsfart 152 km opp frå munningen. Ein del av vatnet vert nytta til vatning.
Den største sideelva hennar er Menza.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Чикой (река)» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.