Tjeldfamilien
Tjeldfamilien | |
Ein tjeld i flukt over Helgoland Foto: Andreas Trepte
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Tjeldfamilien Haematopodidae |
Tjeldfamilien (Haematopodidae) er ein biologisk familie av vadefuglar. Familien har i alt 11 artar. Ein av desse, tjeld (Haematopus ostralegus) hekkar i Europa. Familien Haematopodidae har ei einaste slekt, Haematopus. Tjeldar er utbreidde på kystar i heile verda bortsett frå polarområda og nokre tropiske område i Afrika og Søraust-Asia. To artar har òg habitat i innlandet, den eurasiske tjeld og nyzealandtjeld, som begge kan hekke i innlandet, langt inn i landet i nokre fall.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dei ulike artane av tjeldar viser liten variasjon i form og utsjånad. Storleiken varierer i området 39–50 cm i lengd og 72–91 cm i vengespenn. Den eurasiske arten tjeld er den lettaste, i gjennomsnitt på 526 gram, medan sottjeld er den tyngste, på 833 gram.[1] Fjørdrakta har to variantar, anten heilt svart, eller svart (eller mørk brun) på oversida og kvit på undersida. Todrakttjeld er spesiell ved å ha begge fargeformer og ei mellomform, eit individ av arten kan vere anten heilt svart, svartkvit eller svart med flekket underside. Dette er store, lett synlege, og støyande lo-liknande fuglar, med massivt langt oransje eller raudt nebb som nyttast til å knuse eller opne muslingar. Nebbforma varierer mellom artar, ifølgje dietten. Dei som har bladliknande nebbtupp for å lirke opp eller knuse blautdyrskjel, og dei med spist nebbtupp med tendens til å søkje leddormar. Dei viser kjønnsdimorfisme, der hofuglar får litt lengre nebb og blir litt tyngre enn hannfuglar.[2]
Dietten til tjeldar varierer med naturmiljøet der arten lever. Artar som held seg i innlandet beitar på meitemark og insektlarver.[2] Dietten til kystnære tjeldar er meir varierande. På elvemunningar er muslingar, sniglar og børstemarkormar den viktigaste delen av dietten, medan tjeldar på steinete kystar tar byttedyr som olbogeskjel, blåskjel, sniglar og skallus. Andre byttedyr er pigghudingar, fisk og krabbar.
Nesten alle artar i denne familien er monogame, sjølv om det er observert polygami hos arten tjeld. Dei er territoriale i hekketida, nokre få artar forsvarar òg territorium året rundt. Para har sterkt samhald og er stadeigne der artane har vorte studerte. På ein observert stad registrerte ein at eit par forsvarte det same området i 20 år. Dei gjer berre eit hekkeforsøk per hekkesesong, som føregår i løpet av sommarmånadene. Reira til tjeldar er enkle saker, berre ei skrape i bakken som kan vere fora, og reiret er lagt på ein stad med fri sikt. Egga er flekkete og kamuflasjefarga. Typisk legg dei tre egg på den nordlege halvkula og to i sør, men kullet kan variere mellom eitt og fire. Paret deler på rugeplikta, men hofuglar har ein tendens til å ta meir rugetid, og hannfuglar engasjerer seg i meir vern av territoriet. Rugetida varierer etter arten, mellom 24 og 39 dagar. Somme tjeldartar kan praktisere «eggdumping». Nett som gauken, kan dei nokre gonger leggje egga sine i reira til andre fugleartar som måsar, og overlèt ansvar for ruging og omsut av ungen til vertsfuglane.[3]
På 1900-talet vart kanaritjeld utrydda. Ein annan art, chathamtjeld, som er endemisk for Chathamøyane ved New Zealand, er oppført som truga av IUCN, og den afrikanske kappsvarttjeld blir rekna som nær truga. I det siste har det vore konflikt med kommersielle skaldyroppdrettarar, men studiar har funne at skadeeffekten av tjeldar er mykje mindre enn av landkrabbar.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Tjeldar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]
Slekt Haematopus
- Tjeld, Haematopus ostralegus, Eurasian Oystercatcher, LC, Linné, 1758
- Australtjeld, Haematopus longirostris, Pied Oystercatcher, LC, Vieillot, 1817
- Nyzealandtjeld, Haematopus finschi, South Island Oystercatcher, NR, Martens, 1897
- Chathamtjeld, Haematopus chathamensis, Chatham Oystercatcher, EN, Hartert, 1927
- Todrakttjeld, Haematopus unicolor, Variable Oystercatcher, LC, Forster, 1844
- Sottjeld, Haematopus fuliginosus, Sooty Oystercatcher, LC, Gould, 1845
- Amerikatjeld, Haematopus palliatus, American Oystercatcher, LC, Temminck, 1820
- Kappsvarttjeld, Haematopus moquini, African Oystercatcher, NT, Bonaparte, 1856
- Tjukknebbsvarttjeld, Haematopus ater, Blackish Oystercatcher, LC, Vieillot & Oudart, 1825
- Magellantjeld, Haematopus leucopodus, Magellanic Oystercatcher, LC, Garnot, 1826
- Amerikasvarttjeld, Haematopus bachmani, Black Oystercatcher, NR, Audubon, 1838
Ein nyleg utrydda art i slekta er kanaritjeld.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Haematopodidae» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2012
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
- ↑ 2,0 2,1 Hockey, P (1996). «Family Haematopodidae (Oystercatchers)». I del Hoyo, J.; Elliot, A.; Sargatal J. Hoatzin to Auks. Handbook of the Birds of the World. Band 3. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-20-2.
- ↑ Craik, J. C. A., Mixed clutches at seabird colonies in west Scotland 1996–2009[daud lenkje] SEABIRD 23 (2010): 41–52, Scottish Association for Marine Science. Henta 30. august 2012
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)