Tiroler Achen
Utsjånad
Tiroler Achen | |||
elv | |||
Land | Tyskland, Austerrike | ||
---|---|---|---|
Lengd | 79 km | ||
Kjelde | Kitzbühleralpane | ||
Munning | Chiemsee | ||
Tiroler Achen 47°51′56″N 12°30′08″E / 47.865556°N 12.502222°E | |||
Wikimedia Commons: Großache |
Tiroler Achen er ei elv i Austerrike og Tyskland med utspring i Kitzbühleralpane som Großache der elvane Kitzbühler Ache, Reither Ache og Fieberbrunner Ache renn i hop. I Bayern vert elva kalla Tiroler Achen, og her munnar ho ut i Chiemsee.
Elva har ei lengd på 79 km, der 24 km renn i det tyske landkreiset Traunstein. Elvedeltaet er erklært eit naturreservat.
I 1970-åra vart elva rekna som svært forureina på grunn av forureining frå spillvatn. Økologiske tiltak vart gjennomført og elva er i dag rekna som moderat forureina.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tiroler Achen» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2007.