[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Theremin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theremin

Ein Moog Etherwave, sett saman av ein heremin: sløyfeantenna til venstre kontrollerer volumet, medan den oppreiste antenna styrer tonehøgda.
Klassifiseringelektronisk musikkinstrument, analogue synthesizers and other electronic instruments with thermionic valve (vacuum-tube) based devices generating and/or processing electric sound signals, continuous-pitch instrument
Hornbostel-Sachs klassifisering531.1[1]
(Elektrofon)
Oppfinnar(ar)Léon Theremin
Utvikla1920

Ein theremin er eit elektronisk musikkinstrument kontrollert utan fysisk kontakt av ein thereminist (utøvar). Instrumentet er kalla opp etter oppfinnaren, Léon Theremin, som tok patent på apparatet i 1928.

Instrumentet kontrolleiningar består vanlegvis av to metallantenner som vert påverka av den relative plasseringa til hendene til utøvaren og kontrollerer oscillatorar for frekvens (tonehøgda) med den eine handa og amplitude (lydvolum) med den andre. Dei elektriske signala frå therminen vert forsterka og sendt til ein høgtalar.

Lyden av instrumentet vert ofte assosiert med skumle situasjonar. Derfor er thereminen ofte brukt i filmmusikk som i Miklós Rózsa sin Spellbound og The Lost Weekend, Bernard Herrmann sin The Day the Earth Stood Still og Justin Hurwitz sin First Man, i tillegg til kjenningsmelodiar i fjernsynsseriar som Midsomer Murders. Thereminen er òg blitt nytta i konsertmusikk (særskild avantgarde og i nymusikk), og meir populære sjangrar som rock.

Alexandra Stepanoff spelar theremin på NBC Radio i 1930

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Theremin