Them Crooked Vultures
Utsjånad
Them Crooked Vultures | |||
Performing in Rock Werchter 2010 | |||
Opphav | Los Angeles i California | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2009 til i dag | ||
Sjanger | Alternativ rock, hardrock[1][2] | ||
Tilknytte artistar | Queens of the Stone Age, Led Zeppelin, Foo Fighters | ||
Plateselskap | Sony Music (internasjonalt) Interscope (Nord-Amerika) | ||
Medlemmer | Dave Grohl Josh Homme John Paul Jones |
Them Crooked Vultures er ei supergruppe danna i Los Angeles i 2009 av John Paul Jones, tidlegare medlem i Led Zeppelin; Dave Grohl, frå Foo Fighters og tidlegare medlem av Nirvana, og Josh Homme, frå Queens Of The Stone Age og tidlegare medlem i Kyuss. Gruppa har òg nytta gitarist Alain Johannes på konsertane sine. Bandet byrja å spele inn musikk i juli 2009 og spelte den første konserten sin den 9. august 2009 i Chicago, etterfølgd av ein konsert i Europa den 19. august. Den første singelen til bandet, «New Fang» kom ut i oktober 2009, etterfølgd av debutalbumet månaden etter, som debuterte på 12. plass på Billboard 200. Gruppa vann ein Grammy Award for beste hardrock song med «New Fang» i 2011.
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]- Josh Homme – solovokal, sologitar
- John Paul Jones – bass, klaverinstrument, piano, keytar, lapsteelgitar, mandolin, fiolin, korvokal
- Dave Grohl – trommer, perkusjon, korvokal
- På konsertar
- Alain Johannes – rytmegitar, bass, klaverinstrument, korvokal
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Them Crooked Vultures (18. november 2009)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Them Crooked Vultures» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rabinovitch, Simona. «Them Crooked Vultures Take Spinner Backstage -- Exclusive Video - Spinner». Spinner.com. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 24 April 2010.
- ↑ Popoff, Martin. «Bravewords.com > Hardwares». Brave Words & Bloody Knuckles. Henta 27. mars 2011.