The Pointer Sisters
The Pointer Sisters | |||
Bonnie, Anita og Ruth Pointer i 1974. | |||
Alias | Pointers, a Pair | ||
---|---|---|---|
Opphav | Oakland i California, U.S. | ||
Aktiv | 1969 til i dag | ||
Sjanger | R&B, soul, pop, dance, jazz, country, gospel, post-disco | ||
Plateselskap | Blue Thumb Records
ABC Records Planet Records RCA Records Motown SBK Records Atlantic Records | ||
Tidlegare medlemmer | Bonnie Pointer June Pointer (død) | ||
Prisar | Grammy Award for Best Country Performance by a Duo or Group with Vocal, Grammy Award for Best Vocal Arrangement for Two or More Voices, American Music Award for Favorite Soul/R&B Band/Duo/Group, Grammy Award for Best Pop Performance by a Duo or Group with Vocals, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
The Pointer Sisters er ei USA-amerikansk R&B-gruppe frå Oakland i California, som fekk stor suksess i 1970- og 1980-åra. I ein karriere på over tre tiår spelte dei innan så varierte sjangrar som pop, disco, jazz, elektronisk musikk, bebop, blues, soul, funk, dance, country og rock. The Pointer Sisters har vunne Grammyprisen tre gonger og har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Gruppa hadde 13 hittar på den amerikanske topp 20-lista mellom 1973 og 1985.
Gruppa bestod opphavleg av systrene June og Bonnie Pointer, som byrja å spele på klubbar i 1969 som «Pointers, a Pair.» Besetninga vokste til ein trio då systera Anita Pointer vart med dei. Dei fekk platekontrakt med Atlantic Records og gav ut fleire mislykka singlar. Trioen voks til ein kvartett då systera Ruth kom med i desember 1972. Dei fekk så kontrakt med Blue Thumb Records, og spelte inn debutalbumet. Dei byrja då å få suksess og vann ein Grammy i 1975 for beste countrysong med «Fairytale» (1974). Bonnie slutta i gruppa i 1978 for å gå solo, til moderat suksess.
Gruppa fekk størt salssuksess som trio i 1980-åra med June, Ruth og Anita, og vann to Grammy-prisar for hittane «Jump (for My Love)» (1984) og «Automatic» (1984). Singlane deira som nådde topp 10 i USA var «Fire» (1979), «He's So Shy» (1980), «Slow Hand» (1981), ein remiksa versjon av «I'm So Excited» (1984) og «Neutron Dance» (1985). June Pointer, som slutta i gruppa i 2004, døydde av kreft i 2006. Ho vart erstatta av dottera til Ruth, Issa Pointer. Sidan 2009 har gruppa bestått av Anita, Ruth, Issa og barnebarnet til Ruth Sadako Pointer.
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]- Noverande
- Anita Pointer (1969 til i dag)
- Ruth Pointer (1972 til i dag)
- Sadako Pointer (2009 til i dag)
- Tidlegare medlemmar
- Bonnie Pointer (1969-1977)
- June Pointer (1969-2004)
- Issa Pointer (2004-2009)
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Hitsinglar
[endre | endre wikiteksten]- 1973: «Yes We Can Can» (US #11)
- 1974: «Fairytale» (US #13)
- 1975: «How Long (Betcha' Got a Chick on the Side)» (US #20)
- 1979: «Fire» (US #2)
- 1980: «He's So Shy» (US #3)
- 1981: «Slow Hand» (US #2; UK #10)
- 1982: «Should I Do It» (US #13)
- 1982: «American Music» (US #16)
- 1984: «Automatic» (US #5; UK #2)
- 1984: «Jump (For My Love)» (US #3; UK #6)
- 1984: «I'm So Excited» (remix) (US #9; UK #11)
- 1984: «Neutron Dance» (US #6)
- 1985: «Dare Me» (US #11; UK #17)
Album
[endre | endre wikiteksten]- 1973: The Pointer Sisters (US #13)
- 1975: Steppin' (US #22)
- 1978: Energy (US #13)
- 1980: Special Things (US #34)
- 1981: Black & White (US #12; UK #21)
- 1983: Break Out (US #8; UK #9)
- 1985: Contact (US #25; UK #34)
- 1989: Jump: The Best of the Pointer Sisters (UK #11)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Pointer Sisters» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2015.