[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

The Isaac Hayes Movement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Isaac Hayes Movement
Studioalbum av Isaac Hayes
Språk engelsk
Utgjeve April 1970
Innspelt Mars-april 1970
Sjanger Soul
Lengd 36:18
Selskap Enterprise
Produsent Isaac Hayes
Isaac Hayes-kronologi 
Hot Buttered Soul
(1969)
The Isaac Hayes Movement ...To Be Continued
(1970)


The Isaac Hayes Movement er det tredje studioalbumet til den amerikanske soulmusikaren Isaac Hayes. Det kom ut i 1970 og var oppfølgjaren til Hot Buttered Soul, milepålalbumet til Hayes frå 1969. Marvell Thomas hadde kome opp med «The Isaac Hayes Movement» som namn på bandet til Hayes. Han baserte namnet på Jimi Hendrix Experience. Albumet har ein liknande struktur som Hot Buttered Soul og har berre fire lange songar, alle med sirlege, komplekse og tungt orkestrerte arrangement. Men i motsetnad til det førre albumet, er alle dei fire songane omarbeidde versjonar av andre sine songar. Desse var Jerry Butler sin «I Stand Accused», med ein nesten fem minuttar lang monolog før sjølve songen startar, og The Beatles sin «Something», med ein fiolinsolo av John Blair. Dei to andre songane er Bacharach-David-songen «I Just Don't Know What to Do with Myself» og Chalmers og Rhodes sin «One Big Unhappy Family».

The Isaac Hayes Movement kom ut i april 1970 låg i alt sju veker på toppen av Billboard Soul Albums-lista og låg inne på topp 10 til den siste veka av november det året. Albumet gjekk òg til topps på Jazz Albums-lista og låg 75 veker på Billboard 200-lista, der det nådde ein åttandeplass. Ein redigert versjon av «I Stand Accused» vart gjeve ut som singel i juli 1970 og denne nådde 23. plassen på Soul Singles-lista og 42. plassen på Pop-lista.

Stax Records gav ut The Isaac Hayes MovementSACD-format i 2004.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
Robert Christgau(C)[2]
Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I Stand Accused» (Jerry Butler, William Butler)11:39
2.«One Big Unhappy Family» (Charles Chalmers, Sandra Rhodes)5:54
Side to
Nr.TittelLengd
3.«I Just Don't Know What to Do with Myself» (Burt Bacharach, Hal David)7:05
4.«Something» (George Harrison)11:45

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Isaac Hayes - arrangør, klaverinstrument, vokal, produsent.
  • The Bar-Kays - rytmeseksjon
  • Pat Lewis - vokalarrangement
  • Dale Warren - arrangør
  • Henry Bush - lydteknikar
  • Ron Capone - lydteknikar, miksing
  • Ed Wolfrum - lydteknikar
  • George Horn - mastering
  • Joe Tarantino - mastering
  • Herb Kole - kunstnarisk oversyn
  • David Krieger - kunstnarisk leiar
  • Joel Brodsky - fotografi
  1. Lindsay Planer. «The Isaac Hayes Movement - Isaac Hayes | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 16. august 2016. 
  2. «CG: isaac hayes». Robert Christgau. Henta 16. august 2016.