The Mamas and the Papas Deliver
Deliver Studioalbum av The Mamas & the Papas | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1967 | |
Innspelt | Hausten 1966 | |
Sjanger | Pop, folkrock | |
Lengd | 35:04 | |
Selskap | Dunhill | |
Produsent | Lou Adler | |
The Mamas & the Papas-kronologi | ||
---|---|---|
The Mamas & the Papas (1966) |
Deliver | The Papas & The Mamas (1968)
|
Singlar frå The Mamas & The Papas Deliver | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | lenkje |
Deliver er det tredje albumet til The Mamas & the Papas, gjeve ut i 1967. Det nådde andreplassen på Billboard «Top Pop»-albumlista for 1967. Tre av singlane på albumet gjekk inn på «Pop Singles»-lista i USA: «Dedicated to the One I Love» på andreplassen, «Creeque Alley» på femteplassen og «Look Through My Window» på 24. plassen.
Albumet kom først ut på CD i 1988 og heile albumet kom ut på All the Leaves Are Brown, ei samling av dei fire første albuma deira.
Albumtittelen var ein intern spøk i gruppa, sidan innspelinga hadde kome i gang kort tid etter Cass Elliot hadde annonsert at ho var gravid med dotter si, Owen. På grunn av skamma det var på denne tida for ugifte mødrer, vart både svangerskapet og fødselen halde løynd for ålmenta og albumet var meint å implisere at Elliot og dei andre hadde «fødd» eit nytt album.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av John Phillips, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Dedicated to the One I Love» | Ralph Bass, Lowman Pauling | 2:56 |
2. | «My Girl» | Smokey Robinson, Ronald White | 3:35 |
3. | «Creeque Alley» | J. Phillips, Michelle Phillips | 3:45 |
4. | «Sing for Your Supper» | Lorenz Hart, Richard Rodgers | 2:46 |
5. | «Twist and Shout» | Phil Medley, Bert Russell | 2:54 |
6. | «Free Advice» | J. Phillips, M. Phillips | 3:15 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Look Through My Window» | 3:05 | |
8. | «Boys and Girls Together» | 3:15 | |
9. | «String Man» | J. Phillips, M. Phillips | 2:59 |
10. | «Frustration» | 2:50 | |
11. | «Did You Ever Want to Cry» | 2:53 | |
12. | «John's Music Box» | 1:00 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Denny Doherty - vokal
- Cass Elliot - vokal
- John Phillips - vokal, gitar
- Michelle Phillips - vokal
- Hal Blaine - trommer, perkusjon
- Larry Knechtel - klaverinstrument
- Jim Horn - fløyte, saksofon
- Joe Osborn - bassgitar
- «Doctor» Eric Hord - gitar
- P.F. Sloan - gitar
- Gary Coleman - perkusjon, bjøller, marimba
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Mamas and the Papas Deliver» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2019.