Terracina
Terracina er ein hamneby i den italienske provinsen Latina i Lazio-regionen. Byen, som ligg ved Tyrrenhavet, 101 km søraust for Roma, har 45 000 ibuarar og dekker eit areal på 137 km².
Byen er ein populær feriestad, fyrst og fremst for italienarar. Terracina er kjend for Jupiter Anxur-tempelet på toppen av 227 meter høge Monte Sant'Angelo. Tempelet vart bygt frå det fjerde hundreåret f.Kr., men dei fleste ruinane stammar frå hundreåret før Kristi fødsel.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I antikken vart staden kalla Tarracina, eit namn som tyder på at byen er frå den tida etruskarane rådde i området. 519 f.Kr. kom byen under romersk herredømme. Volskarane oppe i fjella kjempa i årevis mot romarane om ha kontroll over byen. Terracina låg strategisk til og vart endå viktigare då Via Appia vart lagd gjennom byen i 312 f.Kr. Seinare har Terracina vore styrt av mektige romerske familiar. Før samlinga av Italia var byen underlagd Vatikanstaten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Terracina» frå Wikipedia på tysk, den 19. mars 2015.