[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Termisk energi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Varmeenergi er ei form for energi i eit system som aukar i takt med temperaturen til systemet. Generelt kan ein seie at varmeenergi er eit uttrykk som vert nytta til å skildre energiinnhaldet i eit system i forhold til tilførsel og tap av varme, til dømes i forhold til temperaturendringar. I termodynamikk er varmeenergi den indre energien til eit system i termodynamisk likevekt.[1] Uttrykket vert ikkje så ofte nytta fordi det er motstridig. Varme er eit uttrykk som berre vert nytta om ei overføring av energi frå ein lekam til ein annan på grunn av temperaturskilnadar mellom dei to lekamane. Altså kan ikkje ein objekt ha «varme».[2] Dette vert forklart i termodynamikken si andre lov.

Indre energi

[endre | endre wikiteksten]

Indre energi er summen av alle energiformer innan eit system. Han er relatert til molekylstrukturen og molekylaktiviteten i systemet og ein kan sjå på han som summen av kinetisk og potensiell energi til alle molekyla. Den indre energien består av følgjande komponentar:[3]

Type Del av indre energi (U)
Merkande varme delen av den indre energien i eit system som kjem av kinetiske energiar (molekylær rørsle, rotasjon og vibrasjon, elektrona si rørsle og spinn og atoma sitt spinn) i molekyla.
Latent varme den indre energien som ligg lagra i aggregattilstanden (t.d. fast stoff, væske eller gass) til eit system eller stoff.
Kjemisk energi den indre energien som kjem av bindingar mellom atoma i eit molekyl.
Kjerneenergi Den særs kraftige energien som i kjernen på sjølve atomet.
Energioverføringar former for energi som ikkje er lagra i eit system (t.d. varmeoverføring, masseoverføring og arbeid), men som tilfører eller tar bort energi frå systemet.
Varmeenergi Summen av merkande og latente former for indre energi.

  1. Varmeenergi - Britannica
  2. Schroeder, Daniel, R. (2000). Thermal Physics. New York: Addison Wesley Longman. ISBN 0-201-38027-7. 
  3. A. Yungus Cengel og Michael Boles (2002). Thermodynamics - An Engineering Approach, 4th ed. McGraw-Hill. s. 17-18. ISBN 0-07-238332-1.