Talmei Elazar
Utsjånad
Talmei Elazar | |||
moshav | |||
Namneopphav: Elazar-furene | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Kommune | Menashe | ||
Koordinatar | 32°26′43.08″N 34°58′40.8″E / 32.4453000°N 34.978000°E | ||
Folketal | 765 (2015) | ||
Grunnlagd | 1952 | ||
• Grunnlagd av | Innbyggjarar frå Zikhron Ya'akov og austeuropeiske og iranske jødar | ||
Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
Talmei Elazar 32°26′43″N 34°58′41″E / 32.4453°N 34.978°E | |||
Kart som viser Talmei Elazar.
| |||
Wikimedia Commons: Talmei Elazar | |||
Nettstad: http://www.talmei-elazar.com |
Talmei Elazar (hebraisk skrift תַּלְמֵי אֶלְעָזָר, tyder 'Elazar-furene') er ein moshav nord i Israel. Han ligg aust på Sharonsletta nordaust for Hadera og høyrer til Menashe regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 693.
Landsbyen vart grunnlagd i 1952 av innbyggjarar frå Zikhron Ya'akov og emigrantar frå Aust-Europa og Iran på landområde kjøpt av Palestine Jewish Colonization Association. Han vart kalla opp etter Elazar Warmassar, ein av leiarane for PJCA.
Ada Barak kjøtplantegard ligg i Talmei Elazar. Garden, som er open for vitjande, har ei utstilling av planter som et insekt, reptil og små pattedyr. Barak driv òg ein spa som driv med slangemassasje, då det vart oppdaga at berøring av slangar hadde ein terapeutisk verdi.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Talmei Elazar» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ A Spa That Slithers Arkivert 2001-08-20 ved Wayback Machine., Time Magazine