Takkvamstunnelen
Utsjånad
- For tunnelen på Bergensbanen, sjå Takvamtunnelen.
Takkvamstunnelen er ein vegtunnel på E16 Hardangervegen i Arna i Bergen. Tunnelen opna i 1980 og går gjennom namnegarden Takvam. Han er 111 meter lang og har to køyrebaner. Tunnelen ligg ved Fv276 Tunesvegen med høve til omkøyring rundt Garnes.
Namnet Takkvamstunnelen vart vedteke av Statens vegvesen 6. september 1995.[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Takkvamstunnelen». Statens kartverk. Henta 17. februar 2015.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Takvamtunnelen» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2015.