[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Torzjok

Koordinatar: 57°02′N 34°58′E / 57.033°N 34.967°E / 57.033; 34.967
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torzjok
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Torzjok Byåpenet til Torzjok
Flagget til Torzjok Byvåpenet til Torzjok


Plassering
Torzjok is located in Russland
Torzjok is located in Tver oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Grunnlagd
Bystatus
1139
1775
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

47 644
Koordinatar 57°02′N 34°58′E / 57.033°N 34.967°E / 57.033; 34.967
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 172000-172011
Retningsnummer (tlf) 48251
Nettstad: torzhok-adm.ru

Torzjok (russisk Торжо́к) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag  000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tvertsa, 60 km vest for Tver. Innbyggertall: 48 967 (folketelling 2002).

Torzjok i 1910. Bilete av Sergej Prokudin-Gorskin
Byen og klosteret
Gate i Torzjok

Torzjok vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1139. Mongolane brende byen i 1238, men dei gjekk ikkje vidare nordover til Novgorod. På den tida kontrollerte byen den einaste ruta for kornleveransar til Novgorod. Om Torzjok blokkerte ruta ville det verte kornmangel og hungersnaud i Novgorod. Torzjok vart derfor kjent som nøkkelen til Novgorod-republikken og skifta ofte hender under føydale krigar.

Byen vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva med resten av Novgorod-republikken i 1478. Den polske armeen plyndra ofte byen under problemtida. Under det russiske keisardømet vart Torzjok kjend som ein viktig poststasjon på hovudvegen frå Moskva til St. Petersburg.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

I Torzjok finn ein fleire kyrkjer bygt på 1600-talet eller tidleg på 1700-talet. Under Katarina den store vart det gamle Boris og Gleb-klosteret ombygd i nyklassisk stil av ein lokal landeigar, fyrst Lvov. Hovudkyrkja i byen er katedralen frå 1374. I tillegg finst det vesle reisepalasset til Katarina II.

Kjende personar frå Torzjok

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]