Torstein Kvamme
Torstein Kvamme | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mars 1893 Vossestrand kommune |
Død | |
Yrke | politikar, ingeniør |
Språk | norsk |
Politisk parti | Kristeleg Folkeparti |
Torstein Kvamme (14. mars 1893–26. juni 1985) var ein norsk ingeniør og politikar frå Vossestrand i Hordaland. Han representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget frå 1954 til 1965.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Far hans var lærar og gardbrukar. Sjølv gjekk han kunsthandverkskule 1911 og mellomskule 1912. Etter han vart student i 1915 gjekk han bygglinja ved Norges Tekniske Høgskole, tok eksamen i 1919.
Kvamme var tilsett 1919-21 i elektrisitetsforsyningskommisjonen og 1921-26 ved Norges Statsbaner sine jarnbaneanlegg. I 1926 fekk han stillinga som kommuneingeniør i Voss kommune, eit arbeid han skjøtta, formelt, til han vart pensjonist i 1963. Åra 1947-53 var han òg planleggings- og utbyggingssjef for Hodnaberg kraftanlegg og gjenreisingssjef for brannområda på Vossevangen.
Kvamme var medlem i heradsstyret i Voss 1932-40. Han var formann i Hordaland Kristeleg Folkeparti frå 1946 og medlem i landsstyret til Kristeleg Folkeparti 1945-47 og 1951-59. Til stortingsvalet hausten 1953 fekk Kvamme fyrsteplassen på vallista til Hordaland Kristeleg Folkeparti, dermed var han sikra stortingsplass. Han vart attvald 1957 og 1961 og var såleis stortingsrepresentant til 1965. I alle dei tolv sesjonane på Stortinget var han sekretær i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen.
Kvamme var formann for ei rekke offentlege og private tiltak. Mellom anna 1927-50 i bygningsrådet og 1927-54 i brannstyret for Vossevangen, samt brannsjef. Han var også formann 1928-56 i Samferdselsnemnda i Voss, styreformann i Voss elektrisitetsverk frå 1932, og i perioden 1947-56 i elektrisitetsnemnda for Hordaland. Etter å ha vore med i Voss sokneråd nokre år, var han soknerådsformann 1938-45. Dessutan var styreformann 1942-64 for Voss sjukehus og leiar i restaureringsnemnda for Vossekyrkja.
Av tillitsverv kan nemnast at Kvamme var formann i Voss indremisjon 1938-45 og Voss indremisjonsskule 1952-57. Også ei tid formann for Voss Santalmisjon.
Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden frå 1962.