[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Topplerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Topplerke
Galerida cristata
Galerida cristata
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Utbreiinga av Topplerke
Utbreiinga av Topplerke
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Lerkefamilien Alaudidae
Slekt: Galerida
Art: Topplerke G. cristata
Vitskapleg namn
Galerida cristata

Topplerke (Galerida cristata ) er ein fugl i lerkefamilien. Han er rundt 17 cm lang og skil seg frå andre lerkefuglar gjennom ein fjørtopp på hovudet som reiser seg når topplerka syng, forsvarar territorium eller driv paringsleik.[1]

Film av topplerke i Saudi-Arabia.
Topplerkeegg.

Lerka er ein standfugl som sjeldan forlèt hekkeområda sine. Han hekkar i mesteparten av tempererte område i Eurasia, frå Portugal i sørvest til Nordaust-Kina og Aust-India i aust. I Afrika hekkar han så langt sør som Niger. Topplerke var vanleg i Noreg på 1800- og 1900-talet, men som no er rekna som utdøydd her og ført opp på norsk raudliste.[2] Fuglen hekka i Oslo fram til ca. 1960, og siste hekkefunn i Noreg var i 1972.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 
  2. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av topplerke Galerida cristata for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.