Tommy
Utsjånad
Tommy er ei engelsk kjæleform for Thomas som også er blitt brukt som eit døypenamn. Namnet er særleg utbreidd i USA, men er også vanleg i Skandinavia.
Tommy har norsk namnedag den 21. desember.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Tommy var mykje brukt i Noreg på siste halvdel av 1900-talet, særleg i 1970-åra, då over 1,0 % av nyfødde gutar kunne kallast Tommy. I 2008 var det 9 256 norske menn som heitte Tommy og 79 som heitte Tommi.
Tommy i kulturen
[endre | endre wikiteksten]- «Tommy» eller «Tommy Atkins» er eit kallenamn for britiske soldatar brukt både innan den britiske hæren og utanfor.
- I Noreg er teikneserien Calvin and Hobbes av Bill Watterson kjend som Tommy og Tigern.
- Tommy er namnet på ein rockeopera av det engelske rockebandet The Who frå 1969.
- Tommy og Annika er dei to venene til Pippi Langstrømpe i bøkene til Astrid Lindgren.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Tommy Lee Jones (f. 1946), USA-amerikansk skodespelarr
- Tommy Hilfiger (f. 1951), USA-amerikansk moteskapar
- Tommy Dorsey (f. 1956), USA-amerikansk jazztrombonist
- Tommy Nilsson (f. 1960), svensk artist
- Tommy Olsson (f. 1963), svensk kunstnar
- Tommy Skjerven (f. 1967), norsk fotballdomar
- Tommy Rustad (f. 1968), norsk bilsportsutøvar
- Tommy Tee (f. 1971), norsk DJ
- Tommy Stenersen (f. 1976), norsk fotballspelar
- Tommy Ingebrigtsen (f. 1977), norsk skihoppar
- Tommy Urhaug (f. 1980), norsk bordtennisspelar
- Tommy Øren (f. 1980), norsk fotballspelar
- Tommy Fredvang (f. 1982), norsk musikar
- Tommy Eide Møster (f. 1983), norsk fotballspelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tommy» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2008.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Tommy hjå Statistisk Sentralbyrå