[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Toce

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toce
elv
Tocefalla
Land  Italia
Lengd 76 km
Kjelde Griespasset nær grensa til Sveits
Munning Lago Maggiore
Kart
Toce
45°56′00″N 8°29′00″E / 45.933333333333°N 8.4833333333333°E / 45.933333333333; 8.4833333333333
Wikimedia Commons: Toce

Toce er ei elv i Piemonte i Italia. Elva er 76 km lang og spring ut frå den italienske sida av Griespasset nær grensa til Sveits og munnar ut i Lago Maggiore nær Fondotoce i kommunen Verbania.

Plasseringa til Toce

Sør for La Frua fell vatnet 143 meter ned Tocefallene i Formazzadalen. Ho renn gjennom denne dalen og kryssar Valle Antigorio gjennom ei ny rekkje fossefall. Nær Crevola d'Ossola mottar ho Diveria. Frå her vert dalen vidare og vert kalla Val d'Ossola. Toce renn gjennom den største byen i dalen, Domodossola og så Villadossola og Ornavasso. Etter totalt 76 km munnar Tcoe ut i Maggioresjøen.

Dei største sideelvane hennar er Diveria, Melezza (som ho motter nær Domodossola), Anza (nær Piedimulera) og Strona (nær Gravellona Toce).