[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Willy Jansson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willy Jansson
Fødd13. mai 1927
Sandar kommune
Død18. september 2019 (92 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, organisasjonsarbeidar, konditor
Alle verv

Willy Jansson (13. mai 192718. september 2019) var ein norsk konditor og politikar frå Sandefjord. Han representerte Vestfold og ArbeidarpartietStortinget frå 1968 til 1973.

Jansson, som var son til ein kvalfangar, tok i 1951 fagbrev som konditor. Han arbeidde som konditor i heimbyen til 1961, etter at han i ungdomsåra 1946-48 var sysselsett som reisesekretær i Nord-Noreg for metodistkyrkja. 1961-67 var han fylkessekretær i Vestfold Arbeidarparti. Etter stortingstida var han 1973-77 sekretær i Arbeidernes Opplysningsfond, organisasjonssjef 1978-83 og leiar 1983-98 i Norsk Folkeferie.

Jansson ver medlem i Sandefjord bystyre frå 1955 til 1971, i tre av periodane med sete i formannskapet. Han var elles formann i Sandefjord boligbyggelag 1962-68 og medlem av Hytteutvalet 1979–81. Stortingsperioden 1965-69 var han fyrste vararepresentant frå Vestfold til dess representanten Johan Andersen døydde i mai 1968. Sidan møtte han fast resten av fireårsbolken som medlem i Forsvarskomiteen. Valbolken 1969-73 var han ein av fire Arbeidarparti-representantar på Stortinget frå Vestfold, med plass i Kommunal- og miljøverkomiteen.