[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Wikipedia-diskusjon:Administratorar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
  • Eg føreslår at vi nominerer Dittaeva til utviklar her på nn. Dittaeva har gjort — og gjer — eit svært godt arbeide med systematisk revidering av grovomsetjinga for det nye brukargrensesnittet vårt, sjå LanguagNn.php med tilhørande diskusjonsside. Kva tykkjer de?

Ja til Dittaeva!

[endre wikiteksten]
  • Olve 23:00, 20 Sep 2004 (UTC)
  • BjarteSorensen 04:16, 21 Sep 2004 (UTC)
  • --Fatagnus 19:46, 21 Sep 2004 (UTC)
  • Arj 23. okt 2004 kl. 21:25 (UTC) Men går det an å gjera folk til utvikler berre på éin Wikipedia? Eg trudde alle utviklarer fekk løyve til å gjera tekniske endringar overalt.

Nei til Dittaeva!

[endre wikiteksten]

Kommentarar

[endre wikiteksten]

(Bare en saksopplysning: Det er teknisk sett ikke nødvendig med noen utvikler. Sysoper har mulighet til å endre så godt som hele brukergrensesnittet gjennom mediawikisider, og byråkrater kan lage nye sysoper. På norsk wikipedia har vi ingen utvikler. De enkelte wikipediasamfunn har vel heller ikke anledning til å utnevne noen til utvikler, det bør i tilfelle tas opp på wikitech-listen, og det forutsettes gjerne at man har bidratt med kode e.l. over et tidsrom først. Oversettelse av LanguageNn.php-filen har ellers ikke noe med utvikling å gjøre. Wolfram 22:27, 21 Sep 2004 (UTC))

Ingen har vel sagt at dette er ein rask prosess... Men på litt lengre sikt er det fint om nokon kan gjera seg klar til å kunna ta på seg slike oppgåver her. Gjennom arbeidet med php-fila viser Dittaeva god sans for systematisering utover det som trengst for å laga ei omtrentleg omsetjing. Språkleg sett er det kanskje andre ombord her som er vel så sterke — men det er altså eit heilt anna spørsmål. (Apropos det, så er den bokmålsfila som ligg ute på meta ikkje heilt ferdigomsett, med ein del engelsk og noko dansk... Er dette manglande oppdatering frå meta si side, eller er ikkje bokmålsfila ferdigomsett enno?) -- Olve 23:57, 21 Sep 2004 (UTC)

At folk vil bidra til programvareutvikling o.l. er selvsagt helt topp, men de oppgavene som man trengte utviklere (programmerere) til å utføre i gamle dager er altså nå lagt til sysoper og byråkrater, slik at individuelle utviklere på de enkelte wikipediaer i all hovedsak er overflødiggjort.

Ang. LanguageNo.php: Såvidt jeg husker ble vi da ferdige med den filen. Det er lenge siden. Uansett er den ikke oppdatert, fordi det har skjedd mange store programvareoppdateringer siden ifjor, og de er blitt oversatt og tilpasset direkte gjennom mediawiki-filer. Wolfram 00:27, 22 Sep 2004 (UTC)


Takk for støtten! Eg er som Wolfram litt usikker på om nn.wikipedia kan utnemna meg som utviklar, men det burde vera mogleg ettersom dette er ein tilgang som kan settjast individuelt på kvar wiki såvidt eg veit. Når det gjeld språkfila så er det riktig at eg ikkje er den som språkleg står sterkast her, men eg trur ikkje det har hindra meg frå laga ei ganske god oversetjing som med dykkar hjelp kan bli endå betre. Fila kan takast i bruk med det same, men det er utsikkert om alt vil fungere som det skal. Eg ser helst at me tek sikte på å få den installert innan 15. okt. fordi eg har dårleg tid fram til 11. okt. og har veldig lyst å få alt saman ferdig i ein omgang utan feil. Før den tid tek eg sikte på å få rydda opp i m:Talk:LanguageNn.php og be dykk om hjelp til det som eg tykkjer står att å klara opp i. --Dittaeva 20:17, 23 Sep 2004 (UTC)

15. oktober hørest greitt ut for meg. Når det gjeld andre ambisjonar, så skal det nok halde hardt å ha over 1000 artiklar føre månadsskiftet. Eg vil føreslå at vi satsar på å komma opp i 1000 artiklar i løpet av oktober (gjerne innan den 15.), og så kan vi finflikke litt på kategoriar og liknande når dei tek til å verke kring den 15. — og førebu ei større lansering i november... :-)
-- Olve 22:56, 23 Sep 2004 (UTC)

Eg har spurd om nokre (skikkelege) utviklarar (Brion og Xirzon) som seier at utviklartilgangen ikkje blir tildelt lenger og er erstatta av Wikipedia:Byråkratar og m:Stewards. Den første statusen kan eg sjølvsagt bli tildelt medan den siste veit eg ikkje heilt kven som tildeler og det er nok ikkje me som avgjer kven som blir det, kunne godt tenkt meg å nominere Brukar:Olve til steward pga. hans store språkkunne.--Guttorm 24. nov 2004 kl. 21:45 (UTC)


Fleire administratorar?

[endre wikiteksten]

Eg tykkjer Gunnernett, Ranveig og Jarle er alle aktivt med på igangsparkinga av nynorskwikipediaen og gjer ein god jobb så eg trur det kan vera ein fordel for dei å vera administratorar slik at dei for noko meir fridom.

Det er viktig å hugsa at ein wiki fungerer best med ein flat struktur og at me difor bør vera nokså liberale med å godkjenna administratorar. Eller som Jimbo Wales seier: "This should be no big deal". Det er ikkje meininga at verken administratorar eller byråkratar skal vera overordna andre brukarar, men ein ønskjer heller ikkje å gjera folk som ikkje veit kva dei gjer eller som ønskjer å vandalera til administratorar. Dersom du les dette og ønskjer å vera administrator, skriv deg gjerne opp under kandidatlista, så kan me vurdera det då.

Sjå meir om kva ein administrator er på en:Wikipedia:Administrators.

BjarteSorensen 21:59, 19 Oct 2004 (UTC)

Me bør vel ikkje bli altfor liberale med godkjenningar. Nynorsk er allereie det språket som har lågast brukar-til-administrator-rate av alle Wikipedia med meir enn 4 administratorar; sjå meta:Administrators of various Wikipedias.
--VerdLanco 10. nov 2004 kl. 13:22 (UTC)
Tja, så lenge administratorane er aktive (kva skjedde med Fatagnus?) og brukar verktøya sine på ein forsvarleg måte, er eg ikkje så redd for det. Eigentlig er det jo flott at me har 1 administrator per 7 brukarar! Men eg meiner at brukarar bør syne at dei veit kva dei gjer og at dei gjer ein OK jobb før dei får den ekstra fridomen det er å vera administrator. Me må hugsa at det ikkje er det same som å vera sjef, på nokon måte. Det var interessant å sjå at sv: har 55 administratorar, 1 per 43 brukar, og berre 2 inaktive. Good on them, som me seier her down under. Forresten, du må gjerne føre deg sjølv opp på kandidatlista VerdLanco om du vil, og etter kvart som du syner at du veit kva du gjer så skal me sjå kva som skjer :P Du kunne sikkert òg ha nytte av dei ekstra funksjonane. Bjarte 11. nov 2004 kl. 01:27 (UTC)

Eintal eller fleirtal i tittelen?

[endre wikiteksten]

Eg synest at vi burde skilja mellom Wikipedia:Administrator, som forklarar kva ein Wikipedia-administrator er, og Wikipedia:Administratorar, som er ei liste av alle administratorar i nynorsk-Wikipediaen.
--VerdLanco 10. nov 2004 kl. 13:23 (UTC)

Liste over administratorar finn du på Spesial:Listadmins, eg trur eigentleg ikkje det er naudsynt med noko anna liste. Trur elles at tittelen er inspirert frå engelsk Wikipedia og er linka til i fleire systemmeldingar, skulle me flytta den må me difor vera merksame på dette.--Guttorm 10. nov 2004 kl. 14:49 (UTC)

Lista finst allereie på denne sida, og Meta-Wiki har peikarar både til denne lista ("list") og den på Spesial:Listadmins ("la"), so vi er nøydde til å ha båe desse sidene. Men eg synest at sider med "fleirtalstitlar" ideelt sett berre bør innehalda listar eller kategoriar (med somme unntak:, bl.a. for folkegrupper), og difor foreslår eg å bytta ut all forklarande tekst på denne sida (bortsett frå lista over administratorar) med ein peikar til ei ny side, Wikipedia:Administrator, og der forklara kva ein administrator er og korleis ein brukar kan melda seg som administrator- eller sysop-kandidat.
Som eit døme gjennomfører eg no ein slik splitt av sida Wikipedia:Byråkratar, som ikkje var laga enno. Ser det teit eller greitt ut?
--VerdLanco 10. nov 2004 kl. 22:57 (UTC)

Eg har forandra meining, eg er einig med deg her VerdLanco. Fint arbeid! :) Bjarte 11. nov 2004 kl. 01:29 (UTC)

Byråkratar

[endre wikiteksten]

Spesial:Listusers/bureaucrat viser at berre Olve er byråkrat. Veit ikkje kvifor Bjarte ikkje er lista der, men han har jo gjort andre brukarar til administratorar så han er vel eigentleg byråkrat. Kanskje Bjarte kan gjera ein liten test og sjå om han framleis er byråkrat? (skrivi av Brukar:Dittaeva)

Bjarte er byråkrat, ja! Med mindre han har valt å trekkje seg. Og det håpar eg at han ikkje har! -- Olve 26. august 2005 kl. 07:28 (UTC)
Har leita litt kring no. Bjarte står (korrekt) oppført med byråkratflagg på Spesial:Listusers. Trur nok det er eit «insekt» i programvaren, men veit ikkje heilt korleis. -- Olve 26. august 2005 kl. 07:36 (UTC)
Kikka gjennom Spesial:Listusers, og Bjarte står ikkje som byråkrat, men som «boardvote». Kva nå enn det er. --KRISTAGAα-ω 26. august 2005 kl. 09:24 (UTC)
Ja, no står det jammen slik der òg... Skal skrive ein e-post til Bjarte med éin gong og sjekke om han veit noko om dette. -- Olve 26. august 2005 kl. 16:23 (UTC)
"boardvote" er nok den spesielle tilgangen han fekk som valkoordinator. Eg kan tenka meg at den gjev større tilgang eller like mykje tilgang som ein byråkrat. Alt er nok som det skal vera, bortsett frå at Bjarte kanskje ikkje skal vera valkoordinator lenger. Beklagar at eg ikkje sjekka dette med ein gong. --Guttorm 26. august 2005 kl. 17:24 (UTC)
Det vart tydelegvis bortfall av byråkratstatus da han vart oppnemnd som valkoordinator. Har fiksa dette att no. :-) Olve 26. august 2005 kl. 22:36 (UTC)

Saker til administratorane

[endre wikiteksten]

Eg tar opp dette her og ikkje på samfunnshuset, i og med at det er ein klår feil og (vil eg tru) det berre er admin som kan fikse det (hmm, det skulle ha vore ein lushandterar a la Bugzilla, det er det kanskje og, viss eg ser meg om?). I alle fall, på brukarstatistikken, som eg var innom, er det umogleg å klikke på dei blå brukarnamna i venstre kolonne, i og med at alle er referert til som "bruker:Olve" i staden for "brukar:Olve". Så her har det vore litt for kjapp klipp og lim frå bokmål, ser det ut som. Oppfordringa går til nokon av dykk: Fiks dette. Trondtr 2. september 2005 kl. 08:24 (UTC).

Hmmm, kanskje på tide å rette på dette snart?? :D
Hugsar ikkje adressa til den brukarstatistikken nett no, men eg meiner det står på sida ein eller annan stad kven som har ansvaret på den sida og korleis kontakte vedkomande? Anders 8. desember 2009 kl. 22:31 (CET)[svar]

Administratorlister etter namn, dato og bidrag

[endre wikiteksten]

Førebels er det knappe dusinet administratorar på nn: men det aukar vel etter kvart, og etter å ha sett meg blank i augo på listene hjå no:Wikipedia:Administratorer kunne eg ikkje dy meg for å prøva noko liknande her. Eg har no laga tre lister som er sorterte på brukarnamn, utnemningsdato og talet på bidrag: Wikipedia:Administratorar/listenamn, Wikipedia:Administratorar/listedato og Wikipedia:Administratorar/listebidrag. Dei inneheld kvar si liste pluss ein kopi av hovudsida (dvs. ikkje kopi, men transklusjon vha. {{Wikipedia:Administratorar}}), og ein kan navigera seg enkelt fram og tilbake mellom dei tre. Nokre ulemper er at listene er heilt manuelle (det veit eg inga løysing på) og at forholdet mellom hovudsida og dei tre listene er litt komplisert (det kan truleg løysast). Kva tykkjer de om å ta i bruk desse listene? --Eddi (Snakk) 20. okt. 2005 kl. 09:36 (UTC)

Kjempeflott, spør du meg! Det er vel ikkje so ofte at det vert utnemnd administratorar her at det vert noko nemneverdig ekstraarbeid av at listene er manuelle? / Kurtber|Ordskifte 20. okt. 2005 kl. 13:31 (UTC)
Då legg eg inn listene på admin-sida ganske snart. Reint praktisk vil eg truleg flytta Wikipedia:Administratorar (men ikkje diskusjonssida) til t.d. Wikipedia:Administratorar/utnemningar og deretter laga ei ny Wikipedia:Administratorar som hentar inn ei av listene pluss teksten frå Wikipedia:Administratorar/utnemningar. Er det greit om den alfabetiske lista er standard, eller skal det vera dato eller bidrag? --Eddi (Snakk) 21. okt. 2005 kl. 11:55 (UTC)
No er listene i funksjon. Standarden er sortert på brukarnamn. Kvar liste kan endrast ved hjelp av endre-knappen øvst på sida (unntak: sjå punkt 3). Det er nokre «bugs»:
  1. Når ein endrar eit avsnitt på framsida, t.d. ved avstemning, er det i røynda Wikipedia:Administratorar/utnemningar som blir endra, og dit hamnar ein òg etter endringa. Der er lista sortert alfabetisk, uavhengig av kva for sortering som gjaldt før. (Men ein kan trykkja på lenkjene som før, og då kjem ein bort frå utnemningssida.)
  2. Introduksjonen på framsida kan ikkje endrast utan at ein først går «manuelt» til Wikipedia:Administratorar/utnemningar og brukar endre-knappen øvst på sida, eller først endrar eit anna avsnitt og trykkjer «Avbryt» og deretter endre-knappen.
  3. Dei sorterte listene kan ikkje endrast frå Wikipedia:Administratorar/utnemningar. (Men resten av innhaldet kan altså endrast der.)
--Eddi (Snakk) 21. okt. 2005 kl. 15:51 (UTC) / --Eddi (Snakk) 28. januar 2006 kl. 03:24 (UTC)

Ein gal idé dukka opp i hovudet mitt, og plutseleg klarte eg å laga gjensidig transklusjon mellom Wikipedia:Administratorar og Wikipedia:Administratorar/utnemningar, slik at lista oppe til høgre er synleg uansett kva for side ein les. Dermed er bug nr 1 endra til ein liten mygg, medan bug nr 3 oppstår. Bug nr 2 gjeld framleis. Etter dette opnar det seg fleire alternativ for lenkjestruktur mellom dei ulike sidene, men det kjem eg eventuelt attende til. --Eddi (Snakk) 28. januar 2006 kl. 03:24 (UTC)

Med den nye funksjonaliteten gjensidig transklusjon har eg gjort følgjande endringar, som gjer at prosjektsidene verkar meir logiske (synest eg i alle fall):
  • Introduksjonen pluss interwiki er flytta til framsida, Wikipedia:Administratorar, og kan no endrast enkelt derifrå.
  • Den alfabetiske lista er flytta frå framsida til Wikipedia:Administratorar/listenamn og er no heilt samsvarande med dei to andre, Wikipedia:Administratorar/listedato og Wikipedia:Administratorar/listebidrag.
  • Berre dei avsnitta som kan redigerast med [endre]-lenkjer ligg att på Wikipedia:Administratorar/utnemningar, dvs. prosedyre, nominasjonar og den kronologiske lista. All navigasjon til nominasjonssida skjer gjennom [endre]-lenkjene.
  • Standard sortering er endra til utnemningsdato på nominasjonssida. For å indikera kva sortering som gjeld, er lenkja til «brukarnamn» gøymd på framsida, og «utnemning» gøymd på nominasjonssida. Standard sortering kan endrast øvst på desse to sidene, uavhengig av kvarandre.
  • Det er no full navigasjonsfridom mellom alle sidene, bortsett frå ei gøymd lenkje på kvar av framsida og nominasjonssida. For å komma til og redigera dei gøymde listene tek ein omvegen om ei av dei andre to listene.
Puh! No kan eg ikkje komma på ein einaste bug – men dei kjem sikkert. God morgon! --Eddi (Snakk) 28. januar 2006 kl. 06:32 (UTC)

Admin og anonymitet

[endre wikiteksten]

Ein ting eg har tenkt på innimellom, og det ser ut til å vera ein god idé å taka det opp no, er at vi truleg burde innføre eit krav om at administratorar bør vera villige til å oppgje faktisk namn. Generelle brukarar kan gjerne vera anonyme, men som admin med mange redigeringar og ei (potensiell) sentral rolle i utviklinga av dette etter kvart større og større leksikonet, kan ein berre rekne med at den samfunnsmessige relevansen blir så stor at namnet vil bli kjent likevel. Vi kan sjølvsagt ikkje pålegge dei som allereie er administratorar å oppgje fullt namn, men vi kan oppfordre til det. Og vi kan sette det opp som eit krav til nye administratorar. Kva trur de? -- Olve 14:42, 26 november 2007 (CET)

Det bryter i tilfelle med sentral praksis på Wikipedia og kan vel sammenlignes med å oppheve andre felles kjøreregler, f.eks. endre lisensen. Dette gjelder i liten grad nynorsk Wikipedia, men på store prosjekter kan administratorer som utfører upopulære oppgaver bli svært utsatt. Dette har vi ikke minst sett på engelsk Wikipedia, men også på bokmålsutgaven har mange administratorer opplevd grov sjikane, anklager om folkemord o.l., på eksterne nettsteder, bl.a. fra personer med alternative oppfatninger om 11. september. Å kreve at folk skal bruke fullt navn på nettet syns jeg ikke er veien å gå, rådene fra Datatilsynet og andre går vel i motsatt retning. At administratorenes identitet er kjent for hverandre, uten at personlige data ligger ute på nettet, blir en annen sak og kanskje en grei mellomløsning. Kph 15:08, 26 november 2007 (CET)
Me har hatt tilfelle av hets på eksterne nettsider her òg der meg, Anders og Tannkrem vart «hetsa» på facebook i sommar. Det heile var ganske harmlaust, men det var visst ikkje vanskeleg å finne fullt namn til alle saman. For min eigen del har eg ingen problem med å flagge heile namnet mitt på brukarsida, men det bør kanskje ikkje vere eit krav. Ein kan kanskje i staden oppfordre til det, og om noko ikkje har lyst i det heile tatt så kan dei la vere. --Frokor 15:24, 26 november 2007 (CET)
Eg var i lengre tid admin på Bokmålswikipediaen under fullt namn og opplevde aldri nokon som helst grad av sjikane på andre nettstader. Mi erfaring er vel heller at ein open og ryddig profil løner seg i lengda. Sjikanøse personar vil likevel finne informasjonen dei vil ha... Å blande Datatilsynet inn i dette er sjølvsagt like irrelevant her som samband med hovudansvarlege redaktørar i andre oppslagsverk og aviser på og utanfor nettet. Det er IKKJE snakk om å laga tredjepersonslister; det er IKKJE snakk om å pålegge vanlege bidragsytarar noko som helst; det er IKKJE snakk om å pålegge allereie utnemnte adminar noko som helst; og det er berre snakk om å innføre dette som politikk for nye adminar etter eit eventuelt vedtak. Vi kjører allereie ganske opne liner her og har faktisk god erfaring med kva dette inneber av positive verknader for arbeidsmiljøet. Om du vel å kalle prosjektet stort eller lite, sentralt eller perifert o.a. er ikkje nødvendigvis relevant her. Det finst fiendtlege miljø på prosjekt som r både større og mindre enn dei fire skandinaviske wikipediaene. -- Olve 15:35, 26 november 2007 (CET)
Du var vel aldri spesielt aktiv på bokmålswikipedia, hvertfall ikke i administratorrollen, så dine egne erfaringer i den sammenhengen betyr ikke nødvendigvis at det er mulig å generalisere utfra det. Du er sikkert kjent med «biografiene» flere har fått på et visst nettsted. Det er fint at du ikke vil pålegge eksisterende brukere noe slikt, men jeg er redd for at du kan gå glipp av bidragsytere i fremtiden med en slik praksis. Nå er administratorer heller ikke redaktører, men bidragsytere med litt flere tekniske funksjoner. Kph 15:41, 26 november 2007 (CET)
Sender du meg adressa til «et visst nettsted», så får eg sjansen til å sjå kva du snakkar om... :) Olve 15:58, 26 november 2007 (CET)
Har du noko eksempel på at det at nokon har ein open og ryddig profil på Bokmålswikipediaen har ført til meir sjikane enn om dei hadde stått fram som anonyme? -- Olve 16:02, 26 november 2007 (CET)
Det har jeg, men det kan jeg sende deg på epost. Kph 16:04, 26 november 2007 (CET)
Når det gjeld det at eg ikkje har endt opp med å vera så aktiv som eg kunne ha vore på no:, så heng det mykje saman med at eg mistrivdest i miljøet der. -- Olve 16:07, 26 november 2007 (CET)
Men det blir jo en helt annen diskusjon. Personen du var i disputt med da du trakk deg stod forøvrig frem med fullt navn og yrke. Kph 16:16, 26 november 2007 (CET)
Det hadde ikkje med éin person å gjera alt i alt, men vi treng ikkje å gå inn på detaljane om det i denne samanhengen. -- Olve 16:51, 26 november 2007 (CET)
Mangt kan sikkert seiast om miljøet på no, men det det gjer de ikkje her. --Anders 16:19, 26 november 2007 (CET)

Forsøkjer å dra dette inn på sporet igjen; Kva føremoner vil det ha om administratorar oppgjev namn? Dei 2(+1) som er byråkratar her på nn, oppgjev alle fult namn. Det gjer og (logisk nok) pressekontaktane som vart utnemnd med siste store milepåle(?). Men kvifor skal det vere eit krav for nye administratorar? Eg ser ikkje at om administratorar gjev ut fullt namn eller ikkje, skulle påverke nn sitt omdømme utafor om det var det som var tanken.--Anders 16:38, 26 november 2007 (CET)

Poenget er at det å vera både ein sentral bidragsytar og ein admin vil seie at ein har ei sentral rolle som gjer at det er av ei viss offentleg interesse kven desse personane er. Gjennom å vera open om identiteten sin som admin og bidragsytar her trur eg det er lettare å unngå «outingkampanjer» — eller i det minste å gjera dei uinteressante. Det føreslegne kravet (eller i det minste innstendige oppmodinga) til nye kandidatar har altså først og fremst med dette å gjera. -- Olve 16:51, 26 november 2007 (CET)
«Innstendig oppmoding» var ei god formulering. Eg trur det blir feil å ha det som eit krav, men å skrive at me føretrekk opne kort er eg for. Eg må inrømme at eg har tenkt på om det var så lurt å sette namnet sitt her, når eg ha blokkert klart ubalanserte personar. Men eg trur samstundes det er ein fin ting for miljøet her at me er mange sentrale personar som står fram under eige namn. Og om nokon lurar, har eg fått berre positive meldingar på jobben, sjølv om dei ler litt når dei ser kva eg skriv om. Særleg er artikkelen on Norgesglas ein slagar. --Ekko 19:50, 27 november 2007 (CET)

Kommentar: Det er uheldig at dette vrøvlet som forsvarer anonyme administratorer har fått stå uimotsagt så lenge. Anonyme administratorer og de med høyere grader i hierarkiet kan misbruke makten sin til nesten hva som helst.

La oss forestille oss følgende scenario og tenke oss et Wikipedia-prosjekt på et språk et sted i verden. Den mest meritterte skribenten på prosjektet, den ble flest treff på submit-knappen, vil som vanlig er på en Wikipedia ha den høyeste utmerkelsen med de kraftigste verktøy. La oss kalle denne brukeren 'Børre'. Han er gjennomført anonym og ingen vet hvem han er. Få andre skribenter med wiki-ambisjoner tør motsi 'Børre' fordi enhver protest fra andre skribenter bremser videre utviklingen i wiki- karrieren deres. Denne 'Børre' er fra en familie med en vanskelig fortid i en internasjonal storkonflikt, andre verdenskrig, og han mener stalinistene har blitt urettferdig framstilt i all formidling etter Stalins død. Så han ser sin sjanse til å bruke Wikipedia til å opplyse verden om hvor bra stalinismen egentlig er. Han vil ikke makte det alene, så han klarer å skaffe en strategisk allianse med to prester fra det fiktive krakilske verdensomspennende trossamfunn. Disse prestene har brukt all sin tid på å masseinnlaste artikler om 10000 angivelige helter fra trossamfunnet rundt om i verden, og til å få det krakilske trossamfunnet til å stå fram ensidig positivt der historieskrivere har berettet om maktmisbruk, alle former for utnyttelses av andre mennesker til å skaffe trossamfunnet jordisk gods og gull i kolonialismens ånd. I det også alle former for seksuell utnyttelse av mennesker inklusive pedofili. Alliansen går ut på at 'Børre' beskytter denne fremstillingen til presteskapet mot at han får all nødvendig støtte til sin historierevisjonisme som en gjenytelse. Wikimidlene som 'Børre' benytter seg av inkluderer blant annet rask og effektiv fjerning av brukerkontoer til mennesker som tør ytre seg mot ensrettingen, fjerning av debattinnlegg og fjerning av artikler som vinkler den fiktive krakilismen annerledes enn presteskapet gjør. To ulike strategier kan vise seg effektive når digitale drap må utføres: En metode er å røyklegge med mange nok falske anklager mot de ’Børre’ vil rydde vekk, og med hjelp av presteskap og mange nok nyttige frivillige idioter som henger seg på skjuler det hele agendaen til ’Børre’. En annen går på å slette stille og rolig og håpe på at ingen observerer. Andre forslag til mulige tiltak er forsøpling av artikler om markante konservative personer. Stalinisten 'Børre' misliker sterkt slike personer, for eksempel legger han inn et Hitler-portrett for å 'illustrere' artikkelen om tidligere leder i arbeidsgiverforeningen i landet det gjelder. Børre kan ha en lang liste av gode formål å bruke makten sin på, for eksempel sverting av noen av landets kongelige ledere som han ikke synes er tradisjonelle nok, bruk av Wikipedia som kamparena for sin lokale språkvariant, krigsmålet. Ja han kan til og med kalle den ’Wikipedia på krigsmål’ for å flagge saken skikkelig.

På same måte kan presteskapet i den fiktive krakilismen se sin mulighet, med 'Børre's hjelp, til å få etablert noen flere sannheter. Såkalte trosmotstandere ligger tynt an. Man kan for eksempel opprette en wiki-artikkelsamling "Kjent for forbrytelser" og så putte disse kjetterne inn der. Om de aldri har blitt dømt til å medvirke til en forbrytelse teller ikke, har du fått med deg Wikipedia og Google, så kan du få disse 'kjetterne' innesperret på nettet for alltid. Likedan kan seksuelle 'avvikere' tas, for eksempel la oss tenke oss en forening for de som både er "heterofile og litt bifile inn i mellom", å skrive nedlatende om gruppen og nettstedet deres i Wikipedia gir solid effekt på nettet.

Nettsteder som ønsker å bli tatt seriøst må redigeres av ekte mennesker av kjøtt og blod som kan identifiseres. Nettsteder som redigeres av individers som gjemmer seg bak masker vil før eller senere råtne av tilfeller slik som beskrevet i scenariet over. Men dette betyr ikke at identiteten skal stå i klartekst på alle artikkelsider, det holder at et sekretariat har en oversikt. 83.218.158.166 6. januar 2009 kl. 18:44 (CET)[svar]

Apropos vrøvl... --Frokor 6. januar 2009 kl. 19:48 (CET)[svar]
Utruleg at det går an … –EIRIK\diskusjon 6. januar 2009 kl. 21:36 (CET)[svar]
Anten ein meiner det eine eller andre om anonymitet, så er ei slik anonym [sic!] breiside mot anonyme adminar festleg, ja... :-) Olve Utne 6. januar 2009 kl. 23:02 (CET)[svar]
Han datt litt i kraft, når han viste kompromissvilje og kunne avgrense namneoversikta til sekretariatet. - Knut Skorpen 6. januar 2009 kl. 23:44 (CET)[svar]

Inaktive administratorar, treng vi dei?

[endre wikiteksten]

Frokor nemner på prosjektsida at administratorlista er lang, men at vi etterkvart har mange inaktive administratorar. Vi har no omlag 20 administratorar. Nokre av oss er særs aktive, andre er aktive periodevis, nokre har falle frå og har ikkje redigert på ei stund. Somme redigerer, men har knapt brukt verktya. Ein person har jamvel knapt redigert her, utan å nemne namn. At alle desse fortsatt treng administratorverktøya, kan diskuterast utan å føla oss slemme. På bokmålswikipediaen vert administratorverktøya fjerna frå administratorar som er inaktive i over eit år. Om dei kjem tilbake og ønskjer adgang til verktøya igjen, er det ikkje noko i vegen for det. For å få eit reelt tal på administratorar her på nn, vil eg føreslå at vi gjer noko slikt her og. Kanskje det og vil oppmode folk som har fått desse verktøya om å innvolvere seg litt meir? Anders 18:35, 16 april 2008 (CEST)

Godt forslag, eg har tenkt på det same. Dersom nokon forsvinn sporlaust i over eitt år treng dei truleg ikkje administratortilgang. Viss dei kjem tilbake og vil ha det, kan det i alle høve vera godt å måtte setja seg inn i om det har skjedd nokre endringar sidan sist. --Ranveig 18:42, 16 april 2008 (CEST)
Einig. Fjern dei gamle inaktive, men gje dei sjølvsagt ein lyd på diskusjonssida deira slik at dei kan be om å få tilgangen tilbake om dei ønskjer dette og dei kjem tilbake. Nummer 17 til 19 på lista sortert etter talet på bidrag er klart i denne kategorien. Kan ikkje hugse å ha sett desse så lenge eg har vore her. Nummer 15-16 bør også vurderast. Fleire høgare oppe er også forholdsvis lite aktive, men dei har eg no sett innom i ny og ne, sjølv om dei kanskje ikkje medverkar så mykje som administrator. --Frokor 18:52, 16 april 2008 (CEST)
For å kome tilbake til dette. Eg stemmer for å fjerne adminsitratorstatusen til dei mest inaktive (og med færrast bidrag). Dvs dei fire med færrast bidrag.
  • Pladask har siste endring i oktober 2006, snart to år sidan, og berre 3 endringar i heile 2006. Har 186 bidrag totalt.
  • Fatagnus hadde ei endring i desember 2007 (mindre enn eitt år sidan), men det var første endring sidan januar 2006, som er 2,5 år sidan. Har 235 bidrag totalt.
  • Jarle gjorde ei endring på brukarsida si i år der han fjerna ting han er oppteken av å jobbe med på Wikipedia. Siste endringar før det var i mars 2007. Har 1112 bidrag totalt.
  • Roger gjorde siste endring i juni 2007, men ser ikkje ut til å ha vore aktiv sidan janaur 2007. Har 1313 bidrag totalt.
Dei gjorde sikkert mykje godt arbeid for oss før, men eg syns ikkje dei skal stå på administratorlistene berre for å stå der. Som sagt tidlegare så kan me skrive ein notis i brukardiskusjonen deira at administratorrettane er fjerna og at dei kan få dei tilbake att om dei ønskjer. --Frokor 4. september 2008 kl. 15:43 (CEST)[svar]

Røysting over Frokor sitt forslag

[endre wikiteksten]
Ja, det er kanskje ei betre løysing. --Frokor 5. september 2008 kl. 04:06 (CEST)[svar]
Ja, det er ei bra løysning for meg! -- Hogne 5. september 2008 kl. 09:24 (CEST)[svar]
Å merkja dei som inaktive kan vera ei god løysing. --Harald Khan Ճ 5. september 2008 kl. 16:40 (CEST)[svar]
  • Nøytral Nøytral - men kjem til å stemme for viss dei som skal bli normalisert blir spurt fyrst og anten ikkje svarar eller svarar OK. --KRISTAGAα-ω 5. september 2008 kl. 08:49 (CEST)[svar]
  • For For - denne wikien har endra seg sidan desse var aktive. Om dei no kjem attende vil dei truleg ikkje vere oppdaterte på kva som har endra seg sidan sist dei var aktive her. Og som Kristaga er inne på, nokre av desse vart truleg ikkje ei gong spurde om dei ville vere administrator før dei vart utnemde, og det vart ikkje halde noko avstemming om det heller. Eg er for låg terskel for å få administratorverktya slik dei som treng verktya og har tillit skal få dei, men eg meiner også at det ikkje er noko meining i å ha pynteadministratorar. Om dei kjem attende og vil ha verktya att skal det ikkje vere noko større problem for dei å få dei igjen, eit par vekers arbeid, slik at det går for dei som no utgjer denne wikien å danne seg eit bilete av dei, bør halde. Då kan det haldast ei kjapp avrøysting slik at det går å sjå at dei har tillit frå resten av brukarane her, no. --Jorunn 5. september 2008 kl. 11:17 (CEST)[svar]
  • For For --Bep 5. september 2008 kl. 17:44 (CEST)[svar]

Redigeringsteljaren er vekke!

[endre wikiteksten]

Den der lenkja bakom brukarnamna til kvar administrator, der ein kan sjå litt statistikk over bidraga til kvar brukar, fører no fram til ein nettstad som er stengd. Er det nokon som veit korleis me kan få inn lenkjer til ein redigeringsteljar /-statistikk som framleis er i drift? --Tannkrem 7. mai 2010 kl. 22:41 (CEST)[svar]

Det finst ein kar som lagar ei oppdatert liste i ny og ne ein stad her hos oss, men eg hugsar ikkje kvar ho ligg. Kanskje sida berre er mellombels nede. Ho virka for to dagar sidan. --Frokor 7. mai 2010 kl. 22:57 (CEST)[svar]
Viss du trykkjer på lenkja ([1]) står det at dei har stengt sida fordi den som driv ho ikkje har fornya kontoen sin. Eg veit det finst andre tilsvarande statistikkar, men hugsar ikkje kor eg finn dei. --Tannkrem 7. mai 2010 kl. 23:01 (CEST)[svar]
Ein av teljarane på Administrator-sida ser ut til å verke framleis:

http://toolserver.org/~river/cgi-bin/count_edits?dbname=nnwiki_p&user= --Egil Arne 7. mai 2010 kl. 23:13 (CEST)[svar]

Det er jo den redigeringsteljaren som lenkjene skulle ha peika til. Lyt kanskje oppdater peikarane. --Frokor 7. mai 2010 kl. 23:18 (CEST)[svar]

Inaktive administratorar

[endre wikiteksten]

Heisann!

Eg er litt overraska over å sjå at eg framleis er administrator på Nynorskwikipedia. Særleg med tanke på framlegget frå Frokor som vart vedteke i 2008, litt lengre oppe på sida her. Med mitt aktivitetsnivå (nærast null, trur eg) har eg vel ikkje ei stor trong for administratortilgang lengre (men det er jo kjekt å ha :D) / Kurtber|Ordskifte 2. oktober 2010 kl. 22:24 (CEST)[svar]

Eg kan ikkje sjå at det vart vedteke noko, men me burde vel gjera eitt eller hitt med saka, ja. --Harald Khan Ճ 2. oktober 2010 kl. 22:57 (CEST)[svar]
Det einaste me «vedtok» var at me set opp ei liste for inaktive administratorar. Om me skal fjerne administratortilgangen så må me få ein steward til å gjere det. Me kan berre gje administratortilgang, ikkje fjerne den. --Frokor 3. oktober 2010 kl. 05:10 (CEST)[svar]
Men viss du skulle ønska å rydda opp etter deg, noko me ville setja stor pris på, kan du be om å bli avadministret på meta (med global brukarkonto). --Ranveig 3. oktober 2010 kl. 16:28 (CEST)[svar]
Søknad om fjerning av administratorstatus er lagt inn / Kurtber|Ordskifte 14. november 2010 kl. 21:02 (CET)[svar]