[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

What Now My Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
What Now My Love
Song
Utgjeve 1961
Komponist Gilbert Bécaud
Tekstforfattar Carl Sigman
Låtskrivar(ar) Pierre Delanoë (opphavleg fransk)
Carl Sigman (engelsk), Gilbert Bécaud

«What Now, My Love?» er den engelske tittelen på ein opphavleg fransk popsong kalla «Et maintenant» skriven i 1961 av komponisten Gilbert Bécaud og tekstforfattaren Pierre Delanoë. Det repeterande musikalske mønsteret i bakgrunnen er Bolero av Ravel. Engelsk tekst vart skriven av Carl Sigman.

Tidlege engelske versjonar vart spelte inn av Jane Morgan, Shirley Bassey og Ben E. King. Shirley Bassey sin singel nådde femteplassen på den britiske singellista i 1962.

Originalversjonen til Gilbert Bécaud toppa den franske singellista i 1961. Regissøren Claude Lelouch brukte songen i klimakset i filmen Toute une vie frå 1974, som førte til at filmen vart gjeven ut i Amerika med tittelen And Now My Love.

Amerikanske hitversjonar vart laga av Sonny & Cher (#14 US, #13 UK) i 1966, Herb Alpert & the Tijuana Brass i ein instrumentalversjon same året og Mitch Ryder året etter. 14. januar 1973 spelte Elvis Presley songen for første gongen føre ein milliard TV-sjåarar som såg konserten «Aloha from Hawaii».

Innspelingar

[endre | endre wikiteksten]

Innspelingane er på engelsk, med mindre anna står i parentes.[1][2][3]

A

B

C

D

E

F



G

H

I

  • In-Grid (på fransk: «Et maintenant»)
  • Tor Isedal (på svensk: «Vad gör jag nu;»)

J

K

L

M



N

O

P

R

S

T

V

W

Z

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]