[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Søppelbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søppelbil i Hong-Kong.

Søppelbil er ein lastebil som er utstyrt for å transportera søppel frå privathushaldningar, forretningar, kantiner osb. Søppelbilar er utstyrte med ein vasstett metallbehaldar som søplet vert transportert i og bakmontert søppeldunktømmar, slik at ein slepp å tømma dunkane for hand. I Noreg er det som oftast kommunane som eig søppelbilane og tek seg av drifta. Mange kommunar har innført kjeldesortering av søppel, så det er ofte eigne søppelbilar for matavfall, papir og plast.

Thornycroft Steam Dust-Cart frå 1897.

Vogner og andre enkle fargreier har vore nytta til å flytta avfall i fleire hundreår. Ein av dei fyrste sjølvdrivne søppelbilen var ein type bestilt av Chiswick distriktsråd frå Thornycroft Steam Wagon and Carriage Company i 1897, skildra som ein tipp-bil med dampmotor. Han var særskilt utforma for å utførta «the collection of dust and house refuse».[1]

  1. "Motor-Cars for Dust Collection", The Automotor and Horseless Carriage Journal, February 1897, s. 192