Sølver Hanssen Låne
Utsjånad
Sølver Hanssen Låne | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. januar 1788 Lardal |
Død |
12. oktober 1860 (72 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Sølver Hanssen Låne (12. januar 1788–12. oktober 1860) var ein norsk gardbrukar, kyrkjesongar og stortingsmann frå Lardal i Vestfold.
Låne var fødd på garden Lindisholm i Hem sokn. Han tok over farsgarden, men flytta til garden Låne i Vivelstad sokn då han gifta seg til den garden. Også kyrkjesongar i Hem kyrkje.
Låne var 4. representant på Stortinget 1842 frå Jarlsberg og Larviks amt. Han var medlem av bankkomiteen.
Han døydde på Låne i 1860.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914