[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Rhiannon av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rhiannon
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Fleetwood Mac
B-side

«Sugar Daddy»

Utgjeve 4. februar 1976 (US), april 1976 (UK)
Innspelt Februar 1975
Sjanger Rock, softrock[1]
Lengd 4:12 (album), 3:46 (singel)
Selskap Reprise
Tekstforfattar Stevie Nicks
Låtskrivar(ar) Stevie Nicks
Produsent Fleetwood Mac and Keith Olsen
Fleetwood Mac-kronologi 
«Over My Head»
(1975 US / 1976 UK)
Rhiannon «Say You Love Me»
(1976)


«Rhiannon» er ein song skriven av Stevie Nicks og opphavleg spelt inn av Fleetwood Mac. Han vart først gjeven ut på albumet Fleetwood Mac i 1975 og så som singel året etter.

«Rhiannon» vart kåra til den 488. beste songen gjennom tidene av Rolling Stone i 2003, men var ikkje med på den oppdaterte lista i 2010. Songen nådde 11. plassen på den amerikanske singellista i juni 1976.[2] I Storbritannia nådde songen 46. plassen då han vart gjeven ut på ny i februar 1978.[3]

Songen vert alltid kalla berre «Rhiannon» på Fleetwood Mac-album, men på singlane vart han stundom oppført som «Rhiannon (Will You Ever Win)».

Under konsertframføringane av songen introduserte Nicks stundom songen som «Dette er ein song om ei gammal walisisk heks.»[4] Frå 1975–1980 hadde konsertversjonane av «Rhiannon» ein teatralsk intensitet, som ikkje er å høyre på radioversjonen av songen. Songen bygde seg opp til eit klimaks der vokalen til Nicks var så lidenskapleg at trommeslagaren og bandmedlem frå starten av, Mick Fleetwood sa, «hennar Rhiannon var på den tida som ein eksorsisme.»[5]

Nicks oppdaga Rhiannon tidleg i 1970-åra gjennom ein roman kalla Triad av Mary Leader. Romanen handlar om kvinna Branwen, som er besett av ei anna kvinne, Rhiannon. Ei walisisk segn om Rhiannon vert nemnt i romanen, men karakterane i romanen har liten likskap til dei originale walisiske karakterane i walisiske segner (både Rhiannon og Branwen er viktige figurar i den walisiske mellomaldersoga Mabinogion).

Nicks kjøpte romanen på ein flyplass før ein lang flytur og tenkte namnet var så vakkert at ho ville skrive noko om ei jente som heitte Rhiannon. Ho skreiv «Rhiannon» i 1974, tre månader før ho kom med i Fleetwood Mac, medan ho budde med Richard Dashut og Lindsey Buckingham i Malibu,[6] og hevda det tok ti minuttar å skrive ned songen.

Etter songen var ferdig fekk Nicks vite at Rhiannon hadde opphav som ei walisisk gudinne, og var forbausa over at teksten òg passa til den walisiske Rhiannon. Nicks byrja å undersøke Mabinogion-soga og byrja å arbeide på eit Rhiannon-prosjekt, usikker på om det skulle verte ein film, ein musikal, ein teiknefil eller ein ballett. Det finst fleire «Rhiannon-songar» frå dette uferdige prosjektet, inkludert «Stay Away» og «Maker of Birds». Nicks skreiv Fleetwood Macsongen «Angel» basert på Rhiannon-soga.

Nicks unngjekk å ha på seg svarte klede i nesten to år i eit forsøk på å distansere seg frå hekseri og svartekunst som ho vart assosiert med etter at teksten til «Rhiannon» gav fansen feil inntrykk.[7]

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]
  • Redd Kross spelte inn ein lo-fi-versjon av «Rhiannon» i 1988.
  • Waylon Jennings spelte songen i 1985 på albumet Turn the Page.
  • Hardcore punk-bandet Zeke spelte songen i 2000 på Dirty Sanchez.
  • Hole sampla «Rhiannon (Will You Ever Win)» på songen «Starbelly» for albumet Pretty On The Inside i 1991.
  • Den japanske artisten Superfly spelte songen som B-side til singelen «Ai o Komete Hanataba o», gjeven ut 28. februar 2008.
  • Taylor Swift spelte songen i lag med Stevie Nicks under Grammyprisutdelinga i 2010.
  • Buckethead spelar vanlegvis opningsriffet mellom to songar.
  • Lady Antebellum song ein duett med Stevie Nicks på songen under «Rhiannon» ACM-prisutdelinga i 2014

I andre media

[endre | endre wikiteksten]
  • Songen var spelbar i videospelet Rock Band 3.
  • Forfattar Glen Cook sa i eit intervju[8] at tittelen på romanen hans She Is The Darkness var henta frå teksten til «Rhiannon».
  • Songen vart nytta i andre episode av American Horror Story: Coven og vart sidan spelt av Nicks sjølv som gjesteartist i serien for episoden «The Magical Delights of Stevie Nicks».
  • Songen vart referert til i 2012 i ein episode av fjernsynsserien How I Met Your Mother.
  • Songen vart referert til i ein episode av Friends i sesong 5.
  1. Soft Rock Music - What is Soft Rock? - Oldies Music Songs and Artists
  2. Rock Movers & Shakers by Dafydd Rees & Luke Crampton, 1991 Billboard Books.
  3. The Great Rock Diskografi. Martin C.Strong.. Page 378. ISBN 1-84195-312-1
  4. VideoYouTube
  5. Stevie Nicks - Behind the Music
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. juli 2015, henta 19. juli 2015 
  7. Eye To Eye: Stevie Nicks On SongwritingYouTube
  8. Glen Cook aux Utopiales 2011 : l'interview - Elbakin.net

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]