Reiseskildring
Reiseskildring er ein litterær sjanger som tek for seg forfattaren sine opplevingar og tankar under ei reise. Ein slik tekst skildrer gjerne fjerne stader og skikkar der, men er ikkje i første rekkje meint som ei reisehandbok. I staden kan han ha som føremål å underhalda eller opplysa ved å formidla kunnskap eller innsikt frå stadane og samfunna han skildrar. Den kanskje viktigaste funksjonen til ei reiseskildring er at ho kan gje lesaren ei reiseoppleving utan at han treng reisa.
Reiseskildringar kan ha form som artiklar, brev, dagboknotat, essay eller reportasjar. Dei kan variera i lengd frå korte tekstar til bokseriar. Ofte kan dei ha sjølvbiografiske element i og med at dei handlar om forfattaren sine eigne opplevingar.
Tidlege reiseskildringar var skrivne av menneske som av ulike grunnar reiste, som offisielle utsendingar, kjøpmenn eller i vitskapleg samanheng. Nokre av dei verker også ha vore folk som ønskte å reisa. Etterkvart som moderne turisme voks fram, blei reisa for reisas skuld viktigare. Frå midten av 1800-talet blei reiseskildringar ofte skrivne for aviser og vekeblad, og mange reisebøker er samlingar av slike artiklar eller brev.
Innan fiksjon er reiseskildring blitt nytta ei rekkje gonger, både ved at forfattaren omformar eigne opplevingar til eit oppdikta verk eller ved heilt oppdikta reiser.
Døme på reiseskildringar og reiseskildingforfattarar
[endre | endre wikiteksten]- Xenofon, Anabasis (300-talet f.Kr.), om Xenofon sine reiser med hæren til Aleksander den store
- Pausanias, 'Skildring av Hellas' (Ἑλλάδος περιήγησις, 100-talet f.Kr.)
- Benjamin av Tudela, Massa'ot (1543, skrive 1100-talet) om reiser i Sør-Europa, Syria, Palestina, Egypt, Arabia, Irak og Iran til grensa av Kina
- Marco Polo, Il Milione (1298), om Marco Polo si reise til og frå Det mongolske riket of opplevingane hans der
- Ibn Battuta, ar-Rihla ('Reisa', 1355), om Ibn Battuta sine reiser i størsteparten av den muslimske verda
- Matsuo Basho, Kashima Kikō (1687), Oi no Kobumi/Utatsu Kikō (1688), Sarashina Kikō (1688), lyriske skildringar frå lange reiser i Japan
- Mary Wortley Montagu, Turkish Embassy Letters og andre brev på 1700-talet
- Carl von Linné, Öländska och Gothländska resa (1745), Wästgöta-resa (1747), Skånska resa (1751)
- Samuel Johnson, A Journey to the Western Islands of Scotland (1775)
- Friederike Brun, Tagebuch meiner ersten Reise (1782), Tagebuch einer Reise durch die östliche, südliche und italienische Schweiz (1800), Episoden aus Reisen durch das südliche Deutschland etc. (1808), Sitten- und Landschaftsstudien von Neapel und seinen Umgebungen (1818), Briefe aus Rom (1818)
- Mary Wollstonecraft, A Short Residence in Sweden (1796), Letters Written in Sweden, Norway, and Denmark (1796)
- Johann Gottfried Seume, Spaziergang nach Syrakus im Jahre 1802 (1803). Mein Sommer 1805 (1806)
- Xavier Marmier, Lettres sur l'Islande (1837), Lettres sur le Nord (2 bd., 1840), Nouveaux souvenirs de voyages en Franche-Comté (1845), Du Rhin au Nil, 2 vol. Lettres sur l'Algérie (1847), Lettres sur la Russie, la Finlande et la Pologne (1848), Voyage pittoresque en Allemagne (1858-1859) osb.
- Charles Darwin, The Voyage of the Beagle (1839)
- Fredrika Bremer, Hemmen i den Nya verlden (3 bd., 1853–54), Lifvet i Gamla verlden (1860–62)
- Mark Twain, The Innocents Abroad (1869), Roughing It (1872), A Tramp Abroad (1880), Following the Equator (1897)
- Pandita Ramabai, Pandita Ramabai's American Encounter: The Peoples of the United States (1889)
- Nellie Bly, Around the World in Seventy-Two Days (1890)
- Mary Kingsley, Travels in West Africa (1897)
- Isidora Sekulić, Pisma iz Norveške ('Brev frå Noreg', 1914)
- Ivar Aasen, Reise-Erindringer (1917)
- Knud Rasmussen, Grønland langs Polhavet (1919), Fra Grønland til Stillehavet (2 bd., 1925–26)
- W. Somerset Maugham, On a Chinese Screen (1922)
- Charles Kent, Under norsk flag (1925), Amerika rundt (1926), Vestindiefart (1929).
- Freya Stark, The Valleys of the Assassins (1934), The Southern Gates of Arabia: A Journey in the Hadhramaut (1936), Seen In The Hadhramaut (1938), A Winter in Arabia (1940), Ionia a Quest (1954), The Lycian Shore (1956), Alexander's Path (1958), Riding to the Tigris (1959).
- Karel Čapek, En reise til Norden (Cesta na sever, 1936)
- Graham Greene, Journey Without Maps (1936), In Search of a Character (1961), Getting to Know the General (1984)
- John Steinbeck, Russian Journal (1948), Turen med Charlie (Travels with Charlie, 1962)
- Bernard Binlin Dadié, Un nègre à Paris (1959), La Ville où nul ne meurt (1968)
- Ernest Hemingway, A Moveable Feast (1964, utgjeven posthumt)
- Paul Theroux, The Great Railway Bazaar (1975), The Old Patagonian Express (1979), The Kingdom By The Sea (1983), Sailing Through China (1984), Sunrise With Seamonsters (1985), The Imperial Way (1985), Riding the Iron Rooster (1988), To The Ends Of The Earth (1990), The Happy Isles Of Oceania (1992), The Pillars Of Hercules (1995), Fresh Air Fiend (2000), Dark Star Safari (2002), Ghost Train To The Eastern Star (2008), The Tao of Travel (2011)
- Robyn Davidson, Tracks (1980), om ei vandring med kamelar tvers over Australia
- William Least Heat-Moon, Blue Highways: A Journey into America (1982), River Horse: The Logbook of a Boat Across America (1999), Roads to Quoz: An American Mosey (2008), Here, There, Elsewhere: Stories from the Road (2013)
- Ryszard Kapuściński, Keisaren (Cesarz, 1986), Sjahen (Szachinszah, 1988), Imperiet (Imperium, 1994), Fotballkrigen (Wojna futbolowa, 1992),
- Bill Bryson, The Palace Under the Alps (1985), Neither Here Nor There: Travels in Europe (1992), Notes from a Small Island (1995), A Walk in the Woods: Rediscovering America on the Appalachian Trail (1999), In a Sunburned Country (2001)
- William Dalrymple, In Xanadu: A Quest (1989), City of Djinns (1992), From the Holy Mountain (1994), The Age of Kali (1995), Nine Lives: In Search of the Sacred in Modern India (2009)
- Elizabeth Gilbert, Eat, Pray, Love: One Woman's Search for Everything, Across Italy, India and Indonesia (2006)
Oppdikta reiseskildringar
[endre | endre wikiteksten]Reiseskildringar med mytologiske eller fantastiske trekk kan lett kjennast att som oppdikta. Døme på dette er Odysseen av Homer, Den guddommelege komedien av Dante, Gullivers reiser av Jonathan Swift og Niels Klimts underjordiske reise av Ludvig Holberg.
Andre bøker kan presentera seg sjølv som verk om faktiske hendingar, som Heart of Darkness av Joseph Conrad og Moby Dick av Herman Melville.
Jack Kerouac sine romanar På kjøret (On the Road, 1957) og The Dharma Bums (1958) har form som reiseskildringar, og byggjer på reisene hans i USA på 1940- og 50-talet.
Gao Xingjian si bok Åndefjellet (língshān, 1990) er ein dels sjølvbiografisk roman om reiser på landsbygda i Kina.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Been there, seen this» av Thomas Hylland Eriksen
- «Reiselitteraturen - en litterær bastard» av Fred Uno Ljosland Huvenes
- «Reiseskildring» ved Kjetils faglitterære blogg
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Travel writing» frå Wikipedia på engelsk, og «Reseskildring» frå Wikipedia på svensk den 24. januar 2013.
- rejsebøger i Den Store Danske