Reinhold Bachler
Reinhold Bachler | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 26. desember 1944 (79 år) Eisenerz |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1976, Skihopping under Vinter-OL 1968 – Normalbakke |
Utmerkingar | ærestegn i sølv av Ærestegnet for fortjenester |
Reinhold Bachler (fødd 26. desember 1944) er ein austerriksk tidlegare skihoppar frå Eisenerz i Steiermark. Han vann olympisk sølvmedalje i normalbakken under vinter-OL 1968 i Grenoble. Året før sette han verdsrekord i skiflyging med 154 meter i Vikersundbakken.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Bachler vart lagt merke til internasjonalt då han i 1966 kom på fjerdeplassen under hopprennet i Lahti. Under verdsmeisterskapen i Holmenkollbakken same sesongen vart han nummer tolv. Han kom på sjuandeplass i Holmenkollrennet 1967, og overraska stort då han straks etter i Vikersundbakken smelte til med 154 meter og forbetra den eittårgamle verdsrekorden i skiflyging, tilhøyrande Lars Grini, med fire meter.
Året etter tok Bachler sølv i normalbakkerennet under Nordiske greiner under OL i Grenoble, Jiří Raška frå Tsjekkoslovakia vann rennet. Bachler deltok kvart år i den tysk-austerrikske hoppveka, men presterte heile tida svært ujamt. To gongar kom han på pallen, begge i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen (1967 og 1968).
Fyrste halvdelen av 1970-åra makta ikkje Bachler å hevde seg mot den ypparste verdseliten. I 1975 kom han på tredjeplass i Lahti, eit renn som hans landsmann Karl Schnabl vann. Bachler måtte vente til 1975/76 før han atter kunne stige på sigerspallen den tysk-austerrikske hoppveka, han vart då nummer tre i renna i Oberstdorf og i Innsbruck, og han vart og nummer tre samanlagt i hoppveka. Det var fyrste gongen han plasserte seg mellom dei ti beste i ei hoppveke, året etter vart han samanlagt nummer åtte, i si siste hoppveke.
Under vinter-OL 1976, på austerriksk snø i Innsbruck, hoppa Bachler for Austerrike i begge bakkane, og kom frå det med ein femteplass og ein sjetteplass.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1966 i Oslo: Nr 12 i storbakken
- OL 1968 i Grenoble: Sølvmedalje normalbakken og nr 6 i storbakken
- VM 1970 i Štrbské Pleso: Nr 9 i storbakken
- OL 1972 i Sapporo: Nr 24 i storbakken
- VM 1974 i Falun: Nr 24 i normalbakken
- OL 1976 i Innsbruck: Nr 5 i storbakken og 6 i normalbakken
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Reinhold Bachler» frå Wikipedia på tysk, den 8. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Reinhold Bachler – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Einskildmenn
- Fødde i 1944
- Austerrikske skihopparar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike
- Olympiske medaljevinnarar i skihopping
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1968
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1968
- Skihopparar under vinter-OL 1968
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1972
- Skihopparar under vinter-OL 1972
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1976
- Skihopparar under vinter-OL 1976