[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Reiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reiar eller skipsreiar er etter sjørettsleg terminologi den eller dei personane som utstyrer og driv eit skip for eiga rekning.

Normalt er reiaren også eigaren av skipet, men det kan også berre vere leigd inn eller vere rekvirert til bruk. Det er reiaren som tilset skipsførar og mannskap og som ber husbondsansvaret for dei. Reiaren kan vere ein enkeltperson eller ei sammenslutning, til dømes eit ansvarleg selskap eller eit aksjeselskap.

«reder» i Store norske leksikon, snl.no.