Reelin' In the Years
Reelin' In the Years Singel av Steely Dan frå albumet Can't Buy a Thrill | ||
B-side |
Only a Fool Would Say That | |
---|---|---|
Utgjeve | Mars 1973 | |
Innspelt | August 1972 | |
Studio | The Village Recorder i Santa Monica i California | |
Sjanger | Jazzrock | |
Lengd | 4:37 | |
Selskap | ABC | |
Komponist | Walter Becker, Donald Fagen | |
Tekstforfattar | Donald Fagen | |
Låtskrivar(ar) | Walter Becker, Donald Fagen | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
«Do It Again» (1972) |
Reelin' In the Years | «Show Biz Kids» (1973)
|
You've been telling me you were a genius since you were 17
Donald Fagen og Walter Becker
|
«Reelin' In the Years» (stundom «Reeling In the Years») er ein song av jazzrockbandet Steely Dan, gjeven ut som den andre singelen frå albumet deira Can't Buy a Thrill frå 1972. Han nådde 11. plassen på Billboard-lista.[1]
Skriving og framføring
[endre | endre wikiteksten]Songen vart skriven av Donald Fagen og Walter Becker med Fagen på vokal. I 2009 skildra Rolling Stone songen som «eit godt, tidleg døme på kva som var varemerket til The Dan, ei blanding av eit spottande farvel til ein eks til ein sprettande shuffle-rytme, med ein kvitgloande gitar frå Elliott Randall som tar det heile heim.» I same intervjuet sa Fagen «Det er dumt, men effektivt» og Becker sa «Det er ikkje noko kjekt.»[2]
Gitarsolo
[endre | endre wikiteksten]Gitarsoloen på den originale versjonen vart spelt av studiogitaristen Elliott Randall på første forsøk.[3] Det vart visstnok sagt av Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page å vere favorittsoloen hans gjennom tidene,[4][5] og gav han scoren 12 av 10.[6] Soloen er rangert som den 40. beste gitarsoloen gjennom tidene av lesarane i magasinet Guitar World.[7] I mars 2005 plasserte magasinet Q songen på 95. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsoloane gjennom tidene.
Den fire kanalars kvadrofoniske miksen av songen har meir sologitar som ein ikkje kan høyre på den vanlege stereoversjonen.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1973) | Plassering |
---|---|
Australia KMR | 62 |
Canada RPM[8] | 15 |
U.S. Billboard Hot 100 | 11 |
U.S. Cashbox Top 100[9] | 7 |
Årslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1973) | Passering |
---|---|
Canada[10] | 90 |
U.S. Billboard Hot 100[11] | 68 |
U.S. Cash Box Top 100[12] | 87 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Donald Fagen – piano, solo- og korvokal
- Elliott Randall – sologitar
- Denny Dias – rytmegitar
- Jeff Baxter – rytmegitar
- Walter Becker – bassgitar, korvokal
- Jim Hodder – trommer, korvokal
- Victor Feldman – perkusjon
Populærkultur
[endre | endre wikiteksten]- Donny og Marie Osmond spelte «Reelin' In the Years» for TV-showet deira 13. januar 1978.[13] Denne utgåva var meir lystig enn originale og inkluderte ein introduksjon av gjestene på showet, Ruth Buzzi, Buddy Hackett og Suzanne Somers. Framføringa inkluderte òg isdansarar.
- I 1993 vart songen nytta i ein episode av The Wonder Years kalla «Unpacking».[14]
- Songen er nytta i Rob Zombie-filmen The Devil's Rejects i 2005.
- Songen vart nytta som kjenningsmelodi for TV-serien Rob Brydon's Annually Retentive, som vart sendt på BBC Three i UK mellom juli 2006 og juni 2007. * Songen vart nytta som kjenningsmelodien for RTÉ-serien Reeling In the Years, ein irsk, historisk filmdokumentar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Reelin' In the Years» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Steely Dan USA chart history, Billboard.com. Henta 10. januar 2021.
- ↑ «Steely Dan: 10 Essential Songs». RollingStone.com. Henta 11. januar 2021.
- ↑ https://www.guitarplayer.com/players/how-elliott-randall-nailed-steely-dans-reelin-in-the-years-recording-in-one-continuous-take
- ↑ Steven Wheeler (11. juni 1995). «The Led Zeppelin In-Frequently Murmured Trivia List v1.1». Led-Zeppelin.org. Arkivert frå originalen 16. februar 2012.
- ↑ «Classic Rock Magazine Interview – 1999». Elliott Randall. 20. juni 2014. Henta 11. januar 2021.
- ↑ https://www.youtube.com/watch?v=wtEXfEwJf4M
- ↑ «The 100 Best Guitar Solos of All Time - Page 4». Guitar.about.com. Henta 11. januar 2021.
- ↑ «Item Display - RPM Top Singles - Volume 19, No. 18, June 16 1973 - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 11. januar 2021.
- ↑ «Cash Box Top 100 5/26/73». Henta 25. juni 2016.
- ↑ «Item Display - RPM Annual - Volume 20, No. 20, December 29 1973 - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 14. juli 2017.
- ↑ «Top 100 Hits of 1973/Top 100 Songs of 1973». Musicoutfitters.com. Henta 11. januar 2021.
- ↑ «Cash Box YE Pop Singles - 1973». Henta 25. juni 2016.
- ↑ Donny & Marie Osmond Opening - «Reelin' In The Years».
- ↑ «S6E14: Unpacking - The Wonder Years Soundtrack». Tunefind. Henta 16. februar 2020.