Red Sails in the Sunset
«Red Sails in the Sunset» er ein populær engelskspråkleg song kjend frå Dei britiske øyane og USA.
Han vart publisert i 1935 med musikk skriven av Hugh Williams (pseudonym for Wilhelm Grosz) og tekst av låtskrivaren Jimmy Kennedy. Songen var inspirert av «dei raude segla» til «Kitty of Coleraine», ein yacht Kennedy ofte såg utafor nordkysten av Irland i heimbyen Portstewart.[1]
Namnet på songen var inspirasjon for namnet på Red Sails-festivalen i Portstewart i Nord-Irland. Kennedy skreiv songen medan han var i Portstewart.
Somme av dei tidlegare versjonane vart gjort av Al Bowlly med Ray Noble and his Orchestra den 18. september 1935 og Guy Lombardo den 11. oktober 1935.
Songen vart henta fram att av Nat King Cole i 1951. Denne songen klatra til 24. plassen på Billboard Best Seller-lista.[2] Ein annan versjon frå 1954 vart spelt inn av Sam «The Man» Taylor and His Orchestra, med Taylor på tenorsaksofon.
Innspelingar
[endre | endre wikiteksten]- Bing Crosby (1935)
- Jack Jackson (1935)
- Guy Lombardo (1935)
- Leslie (Hutch) Hutchinson (1935)
- Anona Winn
- Henry «Red» Allen (1935)
- Al Bowlly med orkester dirigert av Ray Noble (1935)
- Vera Lynn (1935)[3]
- Mantovani (1935)
- Tony Martin (1935)
- Louis Armstrong (1936)
- Albert Ammons (1946)
- Nat King Cole (1951)
- Patti Page (1955 i «The Patti Page Show»)
- Vaughn Monroe (1957)
- Rou Yun (柔雲)[4] (1956 på mandarin med tittelen 夕陽紅帆)
- Tab Hunter (1957)
- Big Joe Turner (1957)[5]
- Paul Anka (1958)
- Emile Ford (1960)
- The Platters (1960)
- The Jarmels (1961)
- The Beatles (1962)
- Dinah Washington (1962)
- The Three Sounds (1962)
- Earl Grant (1962)
- Fats Domino (1963); vart den sist Topp 40-hitten til Domino.
- Connie Francis (1963)
- The Searchers (1964)
- Stevie Wonder (instrumental) i 1964 på albumet Stevie at the Beach
- Takeshi Terauchi & Bunnys (instrumental) i 1967 på albumet The World Is Waiting For Terry
- Dean Martin ca. 1968
- Perry Como (1969)
- The Five Keys
- Jimmy McGriff (1971)
- Johnny Lee (22. plassen på countrylista i 1976)
- Crazy Cavan and the Rhythm Rockers (1979)
- Frank Patterson
- Dave Brubeck (1999)
- Engelbert Humperdinck (2000)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Red Sails in the Sunset» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Red Sails in the Sunset by Bing Crosby»
- ↑ Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research.
- ↑ Video på YouTube
- ↑ «'夕陽紅帆' by Rou Yun 柔雲» på YouTube
- ↑ Joe Turner - RED SAILS IN THE SUNSET på YouTube
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1935
- Songar med tekst av Jimmy Kennedy
- Songar med musikk av Wilhelm Grosz
- Louis Armstrong-songar
- Jimmy Velvit-songar
- Johnny Lee-songar
- Bing Crosby-songar
- Jack Jackson-songar
- Vera Lynn-songar
- Mantovani-songar
- Nat King Cole-songar
- Patti Page-songar
- Big Joe Turner-songar
- Paul Anka-songar
- Emile Ford-songar
- The Platters-songar
- The Beatles-songar
- Dinah Washington-songar
- Fats Domino-songar
- Connie Francis-songar
- The Searchers-songar
- Stevie Wonder-songar
- Dean Martin-songar
- Perry Como-songar
- Jimmy McGriff-songar
- Engelbert Humperdinck-songar