[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ray Parker jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ray Parker jr.

Parker i mars 2013
Fødd1. mai 1954 (70 år)
FødestadDetroit i USA
FødenamnRay Erskine Parker jr.
OpphavUSA
Aktiv1971 til i dag
SjangerR&B, jazzfusion, funk, soul
InstrumentGitar, klaverinstrument, synthesizer, vokal, bass, trommer
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarRaydio, Jerry Knight, Barry White, Michael Henderson
PlateselskapArista, Geffen, MCA
Verka somGitarist, songar, låtskrivar, plateprodusent, komponist
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Ray Erskine Parker jr. (fødd 1. mai 1954) er ein USA-amerikansk gitarist, låtskrivar, produsent og plateartist. Parker er kjend for å ha skrive og spelt kjenningsmelodien til filmen Ghostbusters, for solomusikken sin og som medlem av bandet Raydio og musikar for Barry White.

Tidleg arbeid

[endre | endre wikiteksten]

Parker vart kjend seint i 1960-åra som medlem av husbandet til Bohannon ved den legendariske nattklubben 20 Grand i Detroit. Her spelte ofte artistar frå Tamla/Motown, og eit av desse, Spinners, vart så imponerte av den unge gitaristen at dei tok han med seg i bandet. Berre 16 år gammal fekk han spele inn musikk og skrive songar i lag med Marvin Gaye. Parker vart tilsett som studiomusikar som tenåring for Holland-Dozier-Holland-etiketten Invictus/Hot Wax, og den bastante stilen hans kan høyrast på «Want Ads» av Honey Cone. Parker vart seinare nytta av Lamont Dozier til dei to første albuma for ABC Records.

I 1972 var Parker gjestegitarist på funsongen til Stevie Wonder, «Maybe Your Baby» på albumet Talking Book.

I 1973 vart han med Barry White i bandet The Love Unlimited Orchestra, før han skapte Raydio, ei R&B-gruppe i 1977 med Vincent Bohnam, Jerry Knight og Arnell Carmichael. Parker er med i nokre klipp i filmen Uptown Saturday Night i 1974 som gitarist. Parker skreiv songar og spelte i studio for The Carpenters, Rufus og Chaka Khan, Aretha Franklin, Stevie Wonder, Deniece Williams, Bill Withers, Michael Henderson, Jean-Luc Ponty, Leon Haywood, Temptations, The Spinners, Boz Scaggs, David Foster, Rhythm Heritage, Gladys Knight and the Pips, The Honey Cone, Herbie Hancock, Tina Turner og Diana Ross.

Den første hitten hans som låtskrivar var «You Got the Love», skrive i lag med Chaka Khan og spelt inn av Rufus. Singelen nådde toppen av R&B-lista og 11. plassen på poplista i desember 1974.

Raydio fekk den første hitten sin, «Jack and Jill», frå debutalbumet i 1978 på Arista Records. Songen nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100-lista og selde ein million eksemplar. Oppfølgjaren, «You Can't Change That», kom ut i 1979 frå albumet Rock On. Songen nådde òg topp 10, ein niandeplass på Billboard-lista den sommaren, og selde òg ein million eksemplar.

I 1980 vart gruppa kjend som Ray Parker Jr. and Raydio. Gruppa gav ut to album til, Two Places at the Same Time i 1980 og A Woman Needs Love i 1981, som begge selde til gullplate.

I 1981 produserte han hard funk-singelen «Sweat (till you get wet)» av Brick.

I 1980-åra hadde Ray Parker Jr. and Raydio to hittar på topp 40 («Two Places at the Same Time» - 30. plassen i 1980 og «That Old Song» - 21. plassen i 1981) og den siste og største htiten, «A Woman Needs Love (Just Like You Do)», kom ut i 1981. Denne nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100-lista og toppen av R&B-lista i 1981.

Raydio vart oppløyst i 1981. Parker fortsette på solokarrieren sin og fekk seks hittar på topp 40 i USA, inkludert hitsingelen «The Other Woman» (4. plass) i 1982 og «Ghostbusters» i 1984. «Ghostbusters» låg tre veker på toppen av Billboard's Hot 100-lista og to veker på toppen av Black Singles-lista. Songen vart òg nominert til Oscarprisen for beste originale song i 1984, men tapte for Stevie Wonder sin «I Just Called to Say I Love You» frå The Woman in Red. Parker vann derimot ein Grammy i 1984 for beste popinstrumental.[1] Andre hittar i denne tida var «I Still Can't Get Over Loving You» (12. plassen) og «Jamie» (14. plassen).

Parker var ein av dei første svarte artistane som lagde musikkvideoar. I 1978 produserte Hollywood-produsenten Thom Eubank fleire musikkvideoar av songar frå det første Raydio-albumet.

Parker skreiv og produserte òg hittar for New Edition («Mr. Telephone Man»), Randy Hall, Cheryl Lynn («Shake It Up Tonight»), Deniece Williams («I Found Love») og Diana Ross. Han spelte gitar på fleire songar på debutalbumet til La Toya Jackson i 1980. I 1989 skreiv han òg «Ghostbusters», ein rap framført av Run-D.M.C., for filmen Ghostbusters II. I 1989 arbeidde Parker med skodespelaren Jack Wagner (General Hospital) på eit album for MCA Records som vart skrinlagd og aldri utgjeve.

I 2006 gav Parker ut albumet I'm Free.

Skodespelar

[endre | endre wikiteksten]

Parker var òg skodespelar i situasjonskomedien Gimme a Break i 1980-åra, barneshowet Pryor's Place på CBS i 1984, Disorderlies (1987), Enemy Territory (1987), Charlie Barnett's Terms of Enrollment (1986) (V) aka Terms of Enrollment , to episodar av Berrenger's (1985) og Uptown Saturday Night (1974).

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre | endre wikiteksten]
År Tittel Plassering Salstrofé Plateselskap
US

[2]

US R&B

[2]

AUS

[3]

UK

[4]

1982 The Other Woman 11 1 27 Arista
1983 Woman Out of Control 45 18
1985 Sex and the Single Man 65 48
1987 After Dark 86 27 40 Geffen
1991 I Love You Like You Are 97 MCA
2006 I'm Free Raydio Music
«-» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista
År Tittel Plassering Album
US

[2]

US R&B

[2]

US A/C

[2]

US Dan

[2]

AUS

[3]

BEL

[6]

CAN FRA

[7]

GER

[8]

IRE

[9]

NLD

[10]

NZ SWE SWI UK

[4]

1982 «The Other Woman» 4 2 33 24 1 7 4 The Other Woman
«Let Me Go" 38 3
«It's Our Own Affair» 106 44
«Bad Boy» 35 6 37 22 Greatest Hits
1983 «The People Next Door» 60
«I Still Can't Get Over Loving You» 12 12 10 89 26 48 Woman Out of Control
1984 «Woman Out of Control» 71
«In The Heat of the Night» 64
«Ghostbusters» 1 1 9 6 2 1 1 1 4 4 5 2 2 3 2 Ghostbusters / Chartbusters
«Jamie» 14 12 6 43 16 Chartbusters
1985 «I've Been Diggin' You» 38
«Girls Are More Fun» 34 21 32 46 Sex and the Single Man
«One Sided Love Affair»
1986 «One Sunny Day» / «Dueling Bikes from Quicksilver» (med Helen Terry) 96 Quicksilver
1987 «I Don't Think That Man Should Sleep Alone» 68 5 42 18 47 13 After Dark
«Over You» (med Natalie Cole) 10 38 65
1990 «All I'm Missing Is You» (med Glenn Medeiros) 32 Glenn Medeiros
1991 «She Needs to Get Some» 34 I Love You Like You Are
«Girl I Saw You»
«-» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista
  1. Blair Jackson (Sep 1, 2006). «Classic Tracks: Ray Parker Jr.'s «Ghostbusters"». Mixonline.com. Arkivert frå originalen 30. september 2007. Henta 2 August 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «US Charts > Ray Parker jr.». Billboard. Henta 12. april 2016. 
  3. 3,0 3,1 David Kent (1993). Australian Charts Book 1970-1992. Australian Chart Book Pty Ltd, Turramurra, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. 4,0 4,1 «UK Charts > Ray Parker jr.». Official Charts Company. Henta 12. april 2016. 
  5. «US Certifications > Ray Parker jr.». Recording Industry Association of America. Henta 12. april 2016. 
  6. «BEL Charts > Ray Parker jr.». VRT Top 30. Henta 12. april 2016. 
  7. «FRA Charts > Ray Parker jr.». Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 12. april 2016. 
  8. «GER Charts > Ray Parker jr.». Media Control Charts. Henta 12. april 2016. 
  9. «IRE Charts Search > Ray Parker jr.». Irish Recorded Music Association. Henta 12. april 2016. 
  10. «NLD Charts > Ray Parker jr.». MegaCharts. Henta 12. april 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ray Parker jr.