[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ronneby

Koordinatar: 56°12′N 15°17′E / 56.200°N 15.283°E / 56.200; 15.283
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

56°12′N 15°17′E / 56.200°N 15.283°E / 56.200; 15.283 Ronneby er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ronneby kommun i Blekinge län. Han ligg ved Ronnebyån og Europaveg 22.

Dei eldste stadsprivilegia er frå 1387, og han vart igjen by i 1882. Ronneby har tradisjon for ein stor verkstadsindustri. Ronneby brunn var tidlegare ein kurstad, med jernhaldige kjelder som vart oppdaga i 1705, men det er i dag eit konferansehotell på staden. Hotellet ligg rett ved sidan av Brunnsparken og Brunnsskogen. Staden er ein gammal handelsplass og Ronneby har òg vorte kalla «hjartet i Sverige sine hagar». I 2005 vart brønnparken kåra til den vakraste parken i Sverige.

I og med freden i Roskilde i 1658 vart Blekinge svensk.