[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Romfartøyet Sojuz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romfartøyet Sojuz

Eit Sojuz-romfartøy av TMA-utgåva fotografert av mannskapet om bord i Den internasjonale romstasjonen.
Skildring
Rolle: Nytta til å frakte kosmonautar til og frå romstasjonane Saljut, Mir samt Den internasjonale romstasjonen.
Mannskap: 3
Dimensjonar (TMA-utgåva)
Høgde: 7,48 m
Diameter: 2,72 m
Volum: 7,2 m³

Sojuz (russisk Союзer) er eit russisk romfartøy for manna romferder. Fartøyet vart utvikla av dåverande Sovjetunionen i byrjinga av 1960-talet for å få ein kosmonaut først på månen, men teknologiske problem med bereraketten N1 gjorde at amerikanarane nådde månen først. I staden utvikla Sojuz seg til et fartøy som er svært godt eigna til transport av mannskap til låge jordbanar, spesielt romstasjonar. Dei moderne romfartøya vert brukt til transport av mannskap til og frå den internasjonale romstasjonen.

Sojuz fungerer dessutan som ein redningsbåt, dermed er det alltid ein sojuzkapsel tilkopla romstasjonen. Varingstida i rommet er seks månader, så Sojuz skal skiftast ut to gongar i året.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.