[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Romano Prodi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romano Prodi

Fødd9. august 1939 (85 år)
Scandiano
Statsborgar avItalia
PartiPartito Democratico
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, forretningsdrivande, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Bologna
Harvard University
Utdanna vedUniversità Cattolica del Sacro Cuore
London School of Economics
Harvard University
MorEnrica Franzoni
FarMario Prodi
EktefelleFlavia Franzoni
BarnAntonio Prodi, Giorgio Prodi
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
Real Academia de Ciencias Económicas y Financieras
VervStatsminister i Italia 1996-1998
FøregangarLamberto Dini
EtterfylgjarMassimo D’Alema
VervStatsminister i Italia 2006-2008
FøregangarSilvio Berlusconi
EtterfylgjarSilvio Berlusconi
VervPresident i Europakommisjonen 1999-2004
FøregangarManuel Marín
EtterfylgjarJosé Manuel Durão Barroso
Alle verv
  • president i Europakommisjonen (1999–2004)
  • Italias statsminister (1996–1998)
  • Italias statsminister (2006–2008)
  • medlem av Deputertkammeret (2006–2008)
  • Italias minister for økonomisk utvikling (1978–1979)
  • Italias justisminister (2008–2008)
  • President of the Democratic Party (2007–2008)
  • medlem av Deputertkammeret (1996–1999) Sjå dette på Wikidata

Romano Prodi (fødd 9. august 1939) er ein italiensk politikar, som leidde koalisjonen av sentrum-venstreparti som fekk fleirtal ved parlamentsvalet i Italia i april 2006. Han etterfylgde med det Silvio Berlusconi som statsminister 17. mai same år.

Han er utdanna jurist frå det katolske universitetet i Milano, og har òg studert ved London School of Economics. Han byrja karrieren sin som professor i økonomi, og vart på 1970-talet aktiv i italiensk politikk. Han vart industriminister i 1978, og var statsminister i Italia frå 1996 til 1998.

Han var formann for Europakommisjonen frå september 1999 til 2004.

Italienske medier melde 21. februar 2007 at Prodi leverte avskjedssøknaden sin til Italia sin president Giorgio Napolitano. Nokre dagar seinare vart det klart at presidenten ikkje godtok avskjedssøknaden frå Prodi, som då måtte be nasjonalforsamlinga om fornya tillit. Den 23. januar vann Prodi eit tillitsvotum i deputertkammeret. 24. januar var det ei tilsvarande avstemming i senatet, der regjeringa tapte og difor gjekk av.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]