[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Røde Kors Ungdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røde Kors Ungdom


Hovudkontoret i Hausmanns gate 7 i Oslo.
Skipa2002
MorselskapNorges Røde Kors
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://rodekorsungdom.no (bokmål)

Røde Kors Ungdom er ungdomsorganisasjonen til Norges Røde Kors. Målgruppa for organisasjonen er ungdomar mellom 13 og 30 år. Noverande leiar er Solveig Ugland frå Vestland.[1] Ho tok over som leiar etter Robert Flobergseter frå Østfold.

Organisasjonen såg dagens lys 10. oktober 2002 i Bergen, då landsmøtet til Norges Røde Kors, vedtok å opprette ein eigen ungdomsorganisasjon med 285 mot 68 røyster. Denne erstatta den tidlegare ungdomsorganisasjonen, Ungdommens Røde Kors (URK), og blei ei eiga eining for ungdom mellom 13 og 30. Lars Nehru Sand blei vald inn som leiar, og sat ut perioden til 2005. Camilla Helgesen frå Nordland sat som leiar i perioden 2008-2010, medan Aleksander Vallestad frå Hordaland sat i perioden 2005-2008.

Røde Kors Ungdom sin føremålsparagraf er:

"Røde Kors Ungdom arbeider for å nedkjempe urettferd og fremje forståing og toleranse. Vi seier tydeleg ifrå når respekten for menneskeverd vert krenkt. Vårt engasjement og våre handlingar skal gjere verda til ein betre stad!"

Organisering

[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen er oppbygd med Landsrådet for Røde Kors Ungdom på toppen (tidl. ungdomsrådet) som har det øvste ansvaret for organisasjonen. Det er ved sentral ungdomskonferanse, juni 2008, vedteke ny struktur for oppbygging av landsrådet. Totalt består ungdomsrådet av ni personar: ein leiar, ein organisatorisk- og ein politisk nestleiarar, to medlemmar for 2 år, og to medlemmar for eitt år og to varamedlem for kvar seg eitt og to år.

  1. «Årsmøte i Røde Kors Ungdom 2021», Røde Kors (på norsk), henta 3. desember 2022 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]