Pygoscelis
Utsjånad
Pygoscelis | |
Bøylepingvin (Pygoscelis papua) til sjøs | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Sphenisciformes |
Familie: | Pingvinar Spheniscidae |
Slekt: | Pygoscelis Wagler, 1832 |
Pygoscelis er ei biologisk slekt av pingvinartar som inkluderer mellomstore pingvinar utan ornament på hovudet. Dei lever i Antarktis og på den subantarktiske ryggen. I denne slekta finn ein tre nolevande artar og tre fossile artar (P. tyreei, P. grandis og P. calderensis).
Slekta Pygoscelis har ein sirkumpolar distribusjon avgrensa til områda i Antarktis og Sørishavet, med bøylepingvinen som strekkjer seg lengst nord, og når atlanterhavskysten av Sør-Amerika opp til 43 ° S, og øyane sør for New Zealand. Men dei fleste hekkar på subantarktiske og på kontinentet Antarktika.
Artsliste
[endre | endre wikiteksten]Pygoscelis-pingvinar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Adeliepingvin, Pygoscelis adeliae
- Bøylepingvin, Pygoscelis papua
- Ringpingvin, Pygoscelis antarcticus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pygoscelis