[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Plattformspel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plattformspelet Secret Maryo Chronicles

Plattformspel er ein dataspelsjanger, der ein hoppar til og frå plattformer eller over hindringar.

Eit plattformspel inneber å kunne kontrollere eit hopp, å falle frå plattformer eller å berekne eit hopp feil. Felles element for slike spel er ein hoppeknapp, men det finst unntak; andre hoppemekanisme inkluderer å svinge frå utstrekkelege armar, som i Ristar og Bionic Commando. Ein kan òg sprette frå trampolinar e.l., som i Alpha Waves. Spel som får hopping til å bli fullstendig automatisert, som The Legend of Zelda: Ocarina of Time, fell inn under ein eigen kategori; action-eventyrspel. Eit av dei mest kjende plattformspela er Super Mario Bros..

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.