Plystreskjor
Plystreskjor | |
Bilete frå Samsonvale Cemetery, SE Queensland Foto: Tom Tarrant
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Plystreskjor | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Slaktarfuglfamilien Cracticidae |
Slekt: | Gymnorhina |
Art: | Plystreskjor G. tibicen |
Vitskapleg namn | |
Gymnorhina tibicen |
Plystreskjor (Gymnorhina tibicen) er ein mellomstor svart og kvit sporvefugl med opphavleg leveområde i Australia og sørlegaste Ny-Guinea. Som medlem av slaktarfuglfamilien er han nært knytt til slaktarfuglar i slekta Cracticus.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Vaksne plystreskjorer er ein ganske robust fugl som måler 37-43 cm i lengd, veg ca. 350 gram,[1] med karakteristisk svart og kvit fjørdrakt, gullbrune auge og eit solid kileforma bleikt nebb med svart nebbtupp. Det er no anerkjent ni underartar av plystreskjorer, og det er to fargevariantar, ein med svart rygg og ein med kvit rygg. Førstnemnde forma har kvitt bakhovud og nakke, her er hoene gråspraglete. I sistnemnde form har hannar eit meir utbreidd kvitt område på ryggen, hoene er fint gråspraglete på dette området på ryggen.[1] Elles er kjønna like. Plystreskjorer brukar mykje tid på bakken der dei har nytte av dei lange beina. Skildra som ein dei mest kjende songfuglane i Australia, har plystreskjorer ei rekkje komplekse vokaliseringar, noko som òg er reflektert i det norske artsnamnet.
Plystreskjorer er altetande, med hovuddelen av det varierte kosthald består av virvellause dyr. Dei er generelt standfuglar og territoriale gjennom heile utbreiingsområdet. Som vanleg og vidt distribuert, har dei tilpassa seg godt til menneskeleg busetjing og er ein kjend fugl i parkar, hagar og jordbruksområde i Australia og på Ny-Guinea. Plystreskjorer vart introduserte på New Zealand i 1860, men har seinare blitt skulda for å fortrenge innfødde fuglar og er no handsama som eit skadedyr.[2] Introduksjonar skjedde òg på Salomonøyane og Fiji, der fuglane ikkje blir rekna som ein invasiv art.
Våren i Australia er skjorsesongen, og når eit lite mindretal av hekkande plystreskjorer, nesten alltid hannar, rundt om i landet blir aggressive, så stup dei og åtar menneske og dyr som nærmar seg reirplassen, inkludert sykkelryttarar. Plystreskjorer blir ofte mata av menneske rundt om i Australia, og er maskot i fleire australske sportslag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Australasian Magpie» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2013.
- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 heather og Robertson, 2005
- ↑ «Site led pest animals » Magpies». Greater Wellington Regional Council. 16 March 2011. Arkivert frå originalen 10. februar 2013. Henta 31. januar 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- BirdLife International (2013) Species factsheet: Gymnorhina tibicen. Henta frå http://www.birdlife.org den 31. januar 2013.