Piet Kleine
Piet Kleine | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 17. september 1951 (73 år) Hollandscheveld |
Yrke | skøyteløpar, sykkelryttar |
Piet Kleine på Commons |
Pieter Kleine, kjend som Piet Kleine, (fødd 17. september 1951) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Hollandscheveld. Han vart olympisk meister på 10000 meter under Vinter-OL 1976 og verdsmeister i firkamp same sesongen.
Kleine fekk sitt gjennombrot i 1973-sesongen med ein tredjeplass i VM i firkamp. To sesongar seinare kom på same pallplassen då EM 1975 vart avvikla i Heerenveen.
Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck tok Kleine sølvmedaljen på 5000 meter, slått med to sekundar av norske Sten Stensen. Tre dagar seinare revansjerte Kleine seg og gjekk til topps på 10000 meter. I eit seint par kom han i mål på tida 14.50,5, og slo dermed Stensen si leiartid med knappe tre sekundar. Eit par veker seinare vann Kleine firkamp-VM i Heerenveen, framom nettopp Stensen.
Kleine vart i 1978 nederlandsk firkampmeister for fyrste og siste gong, elles kom han seks gongar på andreplassen i den nasjonale meisterskapen i tida 1973-81. Internasjonalt markerte han seg lite etter 1976-sesongen, eit OL-sølv på 10 000 meter under Vinter-OL 1980 i Lake Placid var hans einaste pallplassering.
Han la opp etter 1981-sesongen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Piet Kleine» frå Wikipedia på nederlandsk, den 5. november 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1951
- Nederlandske skeiseløparar
- Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Olympiske meistrar for Nederland
- Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1976
- Skeiseløparar under vinter-OL 1976
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skeiseløparar under vinter-OL 1980