Picardie
Picardie | |||
region | |||
|
|||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Departement | • Aisne • Oise • Somme | ||
Hovudstad | Amiens | ||
Picardie 49°30′00″N 2°50′00″E / 49.5°N 2.8333333333333°E | |||
Plassering av Picardie i Frankrike.
|
Picardie er ein tidlegare region i Frankrike i den nordlege delen av landet. I 2016 blei han del av Hauts-de-France.
Den moderne regionen Picardie var større enn den historiske provinsen med same namn.
Namn og kultur
[endre | endre wikiteksten]Namnet på regionen er avleia av «picard», nemninga brukt av parisarar om alle bønder som heldt til nord for Senlisis og Valois (der bøndene i staden var «bûcherons»). I nord blei alle som ikkje snakka flamsk kalla picardar. Studentar frå regionen gjekk saman i lag som dei kalla «Nation Picarde» i Paris og Orléans.
I store delar av Picardie snakkar ein picard, ein eigen type fransk språk. Det hadde stordomstida si på 1200-talet, då det blei snakka i heile Picardie, bortsett frå i Oise og Aisne i sør, i tillegg til dagens moderne departement Pas-de-Calais, store delar av departementet Nord og noko av regionane Mons og Tournai i dagens Belgia. Ved byrjinga av 1800-talet hadde parisarfransk teke over. Picard var gått ut av bruk i dei sørlege regionane og blant betrestilte folk, og blei sett på som ein ukultivert bondedialekt.
Byar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad – Arkivert 2011-02-23 ved Wayback Machine.