[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Percheron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Percheron.

Percheron er ein fransk arbeidshestrase.

Raseskildring

[endre | endre wikiteksten]

Percheron er ein stor hest, med ei høgd på 1,65 til 1,85 m og ei vekt på 900 til 1200 kg. Farga er svart eller skimmel. Kroppen er kompakt og muskuløs, med krafige føter.

Percheron er ein rase som er avla fram i området rundt Mortagne-au-Perche i Normandie i Frankrike700-talet. Hesten framstår elegant, noko som skuldast innkryssing av arabarhest1700-talet.

Førekomst

[endre | endre wikiteksten]

Det finst minst 3000 individ av rasen percheron i USA. I dag foregår det ein del eksport av percheron frå Frankrike til Japan, der rasen nyt ein aukande popularitet.

Det er ein sterk arbeidshest som kan dra tungt og arbeida stødig. Han er godlynt og lettkøyrd og høver like godt for jordbruk og skogbruk som til køyrehest. I heimlandet Frankrike vert hesten også nytta til kjøtproduksjon.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]