Pelikanfamilien
Pelikanfamilien | |
Australpelikan Pelecanus conspicillatus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Pelikanfuglar Pelecaniformes |
Familie: | Pelikanfamilien Pelecanidae Rafinesque, 1815 |
Pelikanar er ein familie, Pelecanidae, av mykje store fuglar med ei spesiell utforming av nebbet som har ein hudpung på undersida som nyttast som håv. Familien samlar ei slekt av åtte artar.
Saman med treskonebb, skuggefugl, hegrar og ibisar og skeistorkar utgjer dei den ordenen Pelecaniformes, pelikanfuglar. Pelikanar er funne på alle kontinent unntatt Antarktis. Dei førekjem hovudsakleg i varme område, sjølv om hekking skjer frå 45 ° sør (australpelikan) og 60 ° nord (amerikapelikan i vestlege Canada). Fuglane finst ved vatn både i innlandet og i kystnære farvatn, men dei er fråverande frå polare område, djupt hav, øyar langt frå fastland og frå innlandet i Sør-Amerika.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Pelikanar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]
- Familie Pelecanidae
- Slekt Pelecanus
- Kvitpelikan, P. onocrotalus, Great White Pelican, LC, Linné, 1758 - BLI fakta
- Rosenpelikan, P. rufescens, Pink-backed Pelican, LC, Gmelin, 1789 - BLI fakta
- Flekknebbpelikan, P. philippensis, Spot-billed Pelican, NT, Gmelin, 1789 - BLI fakta
- Krøllpelikan, P. crispus, Dalmatian Pelican, VU, Bruch, 1832 - BLI fakta
- Australpelikan, P. conspicillatus, Australian Pelican, LC, Temminck, 1824 - BLI fakta
- Amerikapelikan, P. erythrorhynchos, American White Pelican, LC, Gmelin, 1789 - BLI fakta
- Brunpelikan, P. occidentalis, Brown Pelican, LC, Linné, 1766 - BLI fakta
- Humboldtpelikan, P. thagus, Peruvian Pelican, NT, Molina, 1782 - BLI fakta
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pelican» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juni 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 31. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)